Dario Fo () var ein italiensk dramatikar og teaterregissør, scenograf, komponist, satirikar og skodespelar.
Virke Fo revitaliserte commedia dell'arte-kunsten, og for det løna Svenska Akademien han med Nobelprisen i litteratur for 1997; «han som lik mellomalder-narrane refsar makthavarane og held oppe vørdnaden til dei undertrykte.»"who emulates the jesters of the Middle Ages in scourging authority and upholding the dignity of the downtrodden".Nobelprisen i litteratur 1997 på nobelprize.org
Dario Fo fekk gjennombrotet sitt i 1953 med revyen Il dito nell'occhio. I 1958 stifta han saman med kona Franca Rame teaterselskapet Compagnia Fo-Rame. Dei gjekk i 1968 inn i teaterkollektivet Nuova scena som var eit agitasjonsteater knytt til kommunistpartiet. Fo og Rame stifta teaterkollektivet La Comune i 1970.
Skjult teater Ideen med skjult teater er å framføre scener eller situasjonar i det offentlege rom – til dømes i ein supermarknad, på ein busshaldeplass, i ei gågate – utan at det er annonsert på førehand. Målet er å sprenge dei kunstnarlege rammene for teateret og dra problemstillingane i stykket tilbake til den røyndomen dei kjem frå. På grunn av samfunnsrefsinga som ligg i Fo sine stykke blir dei ofte brukt på denne måten. Han sjølv blei fleire gonger arrestert på scena.
Referansar
Bakgrunnsstoff
Dario Fo på nobelprize.org
Dario Fo i Noreg 2003 - Vi betaler ikke! på Trøndelag Teater 2010 - Ekteskap på vidt gap på Nationaltheatret 2011 - Mistero Buffo på Trøndelag Teater
Kategori:Dramatikarar Kategori:Italienske forfattarar Kategori:Italienske nobelprisvinnarar Kategori:Nobelprisen i litteratur Kategori:Folk frå provinsen Varese