Carrickfergus er ein by i County Antrim i Irland. Han har kring 28 000 innbyggjarar og ligg på nordsida av Belfast Lough, 20 km frå Belfast. Byen er kalla opp etter Fergus Mór mac Eirc, kongen av Dál Riata på 500-talet. Han er den eldste byen i County Antrim og ei av dei eldste busetjingane i Nord-Irland. Carrickfergus er ein del av Belfast storbyområde.
Historie Carrickfergus skal ha namn etter Fergus Mór (Fergus den store), den legendariske kongen av Dál Riata. Ifølgje ei soge gjekk skipet hans på grunn på eit skjer ved kysten som blei kjend som «Carraig Fhearghais», Fergus-steinen.
Carrickfergus blei ein folkesett by kort tid etter 1170, då den anglo-normanniske riddaren John de Courcy invaderte Ulster. Han skipa hovudkvarteret sitt i området og bygde Carrickfergus Castle på «Fergus-steinen» i 1177. Borga, som er eit av dei mest iaugefallande landemerka i Carrickfergus, er kjent som eit av dei best bevarte normanniske slotta i Irland.
Som urban busetjing er Carrickfergus mykje eldre enn hovudstaden Belfast, og var i lang tid større og viktigare enn denne. Belfast Lough var kjend som «Carrickfergus Bay» til langt inn på 1600-talet. Den historiske byen innanfor bymurane dekte kring 97 000 m², og utgjer no sentrum av byen. Delar av bymuren i ulik stand er framleis synlege i ulike delar av byen. Arkeologiske utgravingar tett ved grunnmuren har funne mange gjenstandar som gjev innsyn i livet i byen på 1100- og 1200-talet.Mediæval Times in Carrickfergus' History , carrickfergus.org; vitja 2. mai 2016.
Byen er tema i den klassiske irske folkevisa «Carrickfergus» frå 1800-talet, som startar med orda «I wish I was in Carrickfergus».George Petrie: Ancient Music of Irland, M.H.Gill, Dublin 1855 (re-printed 2005, University of Leeds, ISBN 9781859183984)
Den britiske adelstittelen Baron Carrickfergus, som forsvann i 1883, vart gjeven til prins William, hertug av Cambridge på bryllaupsdagen hans den 29. april 2011.
Merknader
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Carrickfergus» frå , den 22. januar 2012.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Byar i Antrim