Kinsale (irsk Cionn tSáile) er ein by i County Cork i Irland. Han ligg om lag 25 km sør for Cork på kysten nær Old Head of Kinsale, ved munningen av elva Bandon. Han har litt omtrent 5 000 innbyggjarar, men innbyggjartalet stig kraftig om sommaren når turistane kjem til området.

Kinsale er ein populær feriestad for irane og er kjend for dei mange gourmetrestaurantane og fritidsaktivitetane, som segling, fisking og golf. Den kjende kokken Keith Floyd budde ei tid i byen. Byen har òg fleire kunstgalleri og ein kjend engelskskule.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Kinsale» frå , den 23. januar 2012.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Byar i Republikken Irland Kategori:County Cork