Martin Stokken () var ein norsk friidrettsutøvar, langrennsløpar og politimann frå Snillfjord. Han tok til saman del i fire OL, to sommar-OL (1948 og 1952) og to vinter-OL (1952 og 1956). Stokken budde i Trondheim det meste av sitt vaksne liv, der han også døydde.
Stokken sitt beste resultat i sommar-OL kom i London i 1948 med fjerdeplass på 10 000 m. Han dominerte langdistansane i friidrett på nasjonalt nivå i perioden 1946-51 og vann heile nitten norske meisterskap på langdistansar og terrengløp. I langrennsløypa vann han fem norske meisterskap, fire på 30-km og eitt på 50-km. Dessutan vann han femmila i Holmenkollen i 1954 og Birkebeinerrennet i 1960. Han tevla for Selsbakk IF.
Friidrett Stokken debuterte i noregsmeisterskapen 1946 i Bergen. Der fekk han to sølvmedaljar, på høvesvis 5 000 meter og 10 000 meter. I begge løpa måtte han sjå seg slått av Thorvald Wilhelmsen, på 5 000 meteren etter eit spurtoppgjer. Året etter vart han tredobbel noregsmeister, då han under NM i Oslo vann kongepokalen for sin siger i den nye øvinga 3 000 meter hinder på tida 9.28,8. Dessutan vann han både 5 000 m og 10 000 m. Tre norske meisterskap og kongepokal fekk han også med seg frå noregsmeisterskapane 1948 og 1949. I 1948 kom kongepokalen i 3 000 meter hinder, medan han i 1949 fekk pokalen for 5 000-meterløpet på 14.34,6. Også dei tre åra 1950-52 triumferte han på 10 000 meter, siste gongen vann han på tida 29.54.0, det snøggaste han nokon gong sprang mila på.
Stokken vart i 1947 den første nordmann under 30 minuttar på 10 000 meter. Han braut halvtimesgrensa i 1949, med tida 29.59,6. Berre dei finske løparane Taisto Mäki og Viljo Heino og den legendariske tsjekkiske løparen Emil Zátopek hadde klart dette før han.
Stokken var norsk flaggberar i sommar-OL 1952 i Helsingfors.
Medaljar i noregsmeisterskap 1946: Sølvmedalje både på 5 000 m og 10 000 m i Bergen 1947: Gullmedalje og kongepokal på 3 000 m hinder og gullmedalje både 5 000 m og 10 000 m i Oslo 1948: Gullmedalje og kongepokal på 3 000 m hinder og gullmedalje både 5 000 m og 10 000 m i Trondheim 1949: Gullmedalje og kongepokal på 5 000 m og gullmedalje på 3 000 m hinder og 10 000 m i Oslo 1950: Gullmedalje på 10 000 m i Bergen 1951: Gullmedalje på 5 000 m og 10 000 m i Oslo 1952: Gullmedalje på 10 000 m i Oslo 1953: Sølvmedalje på 10 000 m i Trondheim
Langrenn Frå kringom 1949-50 konsentrerte Stokken seg mest om langrennssporten. Han gjekk fyrsteetappen på laget som tok bronse i VM-stafetten i ski-VM 1950, og han gjekk tredjeetappen på laget som vann sølv på stafetten i OL 1952 i Oslo. Stokken var òg med på stafettlaga 1954, 1956 og 1958, som alle gongane vart nummer fire.
Hans beste enkeltrenn i dei internasjonale meisterskapane var fjerdeplassen på femmila under verdsmeisterskapen 1954 i Falun. Han stod då for den beste norske langrennsprestasjonen i meisterskapen, men kom ni sekundar for seint i mål i høve til bronsemannen Arvo Viitanen frå Finland. Elles fekk han to sjetteplassar i vinter-OL, først på 18 kilometer i Oslo i 1952, og så på 15 km i Cortina d'Ampezzo fire år seinare.
Medaljar og besteplasseringar i internasjonale meisterskap og renn 1950: Bronsemedalje på 4x10 km stafett under VM i Lake Placid 1951: Nr 10 på 18 km Lahti 1952: Nr 6 på 18 km under OL i Oslo 1954: Vinnar av 50 km i Holmenkollen – nr 4 på 50 km i VM Falun 1956: Nr 6 på 15 km under OL i Cortina d'Ampezzo 1957: Nr 3 på 50 km i Holmenkollen 1958: Nr 8 på 50 km i Holmenkollen 1959: Nr 4 på 50 km i Holmenkollen 1960: Nr 9 på 50 km i Holmenkollen
Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap Ski-NM 1949: Nr 7 på 50 km Ski-NM 1951: Gullmedalje på 30 km og sølvmedalje på 50 km i Narvik Ski-NM 1952: Sølvmedalje på 18 km i Porsgrunn Ski-NM 1953: Sølvmedalje både på 18 km og 50 km Ski-NM 1954: Gull på 30 km, sølv på 15 km på Kongsvinger, bronse på 50 km i Strinda Ski-NM 1955: Gullmedalje både på 30 km på Voss og på 50 km i Trysil Ski-NM 1957: Gullmedalje på 30 km i Mo i Rana Ski-NM 1958: Nr 4 på 50 km i Oslo Ski-NM 1959: Nr 12 på 15 km på Gjøvik Ski-NM 1960: Nr 11 på 50 km på Fåberg
Stokken vart tildelt Sportsjournalistenes statuett og Egebergs ærespris i 1949, Morgenbladets Gullmedalje i 1950. I 1954 fekk han Holmenkollmedaljen.
Kjelder Sportsboken, aktuelle årgangar
Bakgrunnsstoff Martin Stokken i Store norske leksikon. Martin Stokken i NRK.
Kategori:Norske langdistanseløparar Kategori:Norske hinderløparar Kategori:Norske langrennsløparar Kategori:Norske trenarar Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar for Noreg Kategori:Vinnarar av Egebergs Ærespris Kategori:Vinnarar av Aftenpostens Gullmedalje Kategori:Vinnarar av Holmenkollmedaljen Kategori:Kongepokalvinnarar i friidrett Kategori:Kongepokalvinnarar i skiidrett Kategori:Noregsmeistrar i langrenn Kategori:Noregsmeistrar i friidrett Kategori:Deltakarar i både vinter-OL og sommar-OL Kategori:Norske deltakarar under sommar-OL 1948 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1948 Kategori:Norske deltakarar under sommar-OL 1952 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1952 Kategori:Norske deltakarar under vinter-OL 1952 Kategori:Langrennsløparar under vinter-OL 1952 Kategori:Norske deltakarar under vinter-OL 1956 Kategori:Langrennsløparar under vinter-OL 1956 Kategori:Folk frå Snillfjord