Iver Jønland () er ein norsk tidlegare langrennsløpar frå Hølonda, som vann bronsemedaljen på 30 km under noregsmeisterskapen på ski i 1975. Han var medlem av Idrettslaget Leik og såleis klubbkamerat med den eitt år yngre Oddvar Brå.
Under europameisterskapen 1970 for juniorar vann det norske tremannslaget stafetten. Med på laget var Jønland, Ivar Formo og Brå.
Jønlands fremste prestasjon kom på 50 km under NM i Flatebygd i 1975. Her sørgde han for at tre sør-trønderar tok alle medaljane på distansen. Berre dei framifrå femmilsløparane Oddvar Brå og Magne Myrmo gjekk fortare.
Jønland er busett i Klæbu.
Besteplasseringar i internasjonale renn 1974: Nr 6 på 15 km Holmenkollen 1975: Nr 13 på 50 km Holmenkollen
Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap Ski-NM 1970: Nr 12 på 15 km i Trondheim Ski-NM 1974: Nr 4 både på tremila i Selbu og på femmila i Sørreisa Ski-NM 1975: Bronsemedalje på femmila i Flatebygd
Kjelder Sportsboken, aktuelle årgangar
Kategori:Norske langrennsløparar Kategori:Folk frå Melhus