Sturnus er ei biologisk slekt av starar. Taksonomien for denne gruppa er kompleks, og det er monaleg variasjon mellom autoritetar i synet på kva artar som høyrer inn i denne slekta, og for artsgrenser innanfor Sturnus. __NOTOC__ Silkestare og sotstare er asiatiske artar, stare og middelhavsstare er begge opphavleg europeiske. Den europeiske typearten og middelhavsstare er spesielt nært nærskylde, og dannar ei viss grad hybridar kor utbreiinga overlappar i sørvestlege Frankrike og nordaustlege Spania. Silkestare og sotstare er nært i slekt og kan høyre til Acridotheres eller si eiga slekt.Sjå Jønsson & Fjeldså (2006). Arten stare frå Europa har blitt introdusert til Sør-Afrika, Nord-Amerika, Australia og New Zealand. Dei nordlege hekkeartane er heilt eller delvis trekkfuglar, og overvintrar i varmare strøk.
mini|venstre|Silkestare, Sturnus sericeus Sturnus-starar er artar som lever på bakken, dei rører seg bortetter ved å gå heller enn å hoppe. Dei hekkar inne i hòl i tre eller i bygningar. Dei er altetande og beitar stort sett på bakken, er spesialistar i å ta virvellause dyr like under overflata. Dette er tilrettelagt av tilpassingar i skalle og muskulatur, som gjer fuglane i stand til å søkje med opne nebb. Sistnemnde tilpassing har mogleggjort spreiinga av denne slekta frå fuktig tropisk Sør-Asia til kjøligare regionar i Europa og Asia.
Fjørdrakta i denne gruppa er variabel, men alle artane har velkjent, trekanta vengeform.
Artslista Sturnus-starar i rekkjefølgje etter Clementslista versjon 6.6 frå august 2011 med norske namn etter Norske navn på verdens fugler. Silkestare, Sturnus sericeus, Red-billed Starling Stare, Sturnus vulgaris, European Starling Middelhavsstare, Sturnus unicolor, Spotless Starling Sotstare, Sturnus cineraceus, White-cheeked Starling
Kjelder
Første utgåve av denne artikkelen byggjer på «Sturnus» frå , den 29. januar 2011, artikkelen gav følgjande referansar: Feare, Chris & Craig, Adrian (1999): Starlings and Mynas. Princeton University Press. ISBN 0-7136-3961-X Grimmett, Richard; Inskipp, Carol, Inskipp, Tim & Byers, Clive (1999): Birds of India, Pakistan, Nepal, Bangladesh, Bhutan, Sri Lanka, and the Maldives. Princeton University Press, Princeton, N.J.. ISBN 0-691-04910-6 Jønsson, Knud A. & Fjeldså, Jon (2006): A phylogenetic supertree of oscine passerine birds (Aves: Passeri). Zoologica Scripta 35(2): 149–186. (HTML abstract) Svensson, Lars; Zetterström, Dan; Mullarney, Killian & Grant, P. J. (1999): Collins bird guide. Harper & Collins, London. ISBN 0-00-219728-6 Zuccon, Dario; Cibois, Alice; Pasquet, Eric & Ericson, Per G.P. (2006): Nuclear and mitochondrial sequence data reveal the major lineages of starlings, mynas and related taxa. Molecular Phylogenetics and Evolution 41(2): 333-344. (HTML abstract)
Fotnotar
Bakgrunnsstoff
Kategori:Starefamilien Kategori:Fugleslekter