Kristine Tofte () er ein norsk forfattar og psykolog busett på Stord. Ho debuterte med fantasyromanen Song for Eirabu : Slaget på Vigrid i 2009.

Debutboka har handlinga lagd til heiden norrøn tid og er fyrste del av to i verket Song for Eirabu. Andre delen heiter Song for Eirabu : Vargtid og vart gjeven ut i juni 2012. Hennar tredje bok er Udyr. Boka komut i 2019, og er hennar første bok på bokmål.

Bøker 2009 – Song for Eirabu : Slaget på Vigrid, Tiden Norsk Forlag 2012 – Song for Eirabu : Vargtid, Tiden Norsk Forlag 2019 – Udyr, Gyldendal

Referansar

Bakgrunnsstoff Bloggen til Kristine Tofte Jorid Mathiassen: «Inspirert av det norrøne» Intervju i Bok & Samfunn Utgjevingar av Kristine Tofte i BIBSYS Ask

Kategori:Folk frå Stord Kategori:Forfattarar frå Hordaland Kategori:Fantasy-forfattarar Kategori:Norske psykologar Kategori:Norske romanforfattarar Kategori:Norske skjønnlitterære debutantar i 2009 Kategori:Nynorskforfattarar