Omleiringa av Pemaquid (2.-3. august 1689) var eit åtak av abenaki-indianarar på det engelske fortet i Pemaquid, då den austlegaste utposten i kolonien Massachusetts Bay (dagens Bristol i Maine). Det vart mogeleg organisert av den fransk-abenakiske leiaren Jean-Vincent d'Abbadie de Saint-Castin.

Fortet i Pemaquid vart kommandert av løytnant James Weems og var svakt etter at dei fleste i garnisonen hadde desertert etter eit opprør året før då guvernør Andros vart styrta i Boston. Weems og garnisonen som var att heldt ut ein dag, men etter å ha mista mange mann overgav dei seg. Abenakiane let Weems og mennene hans dra attende til Boston.Webster, John Clarence. Acadia at the End of the Seventeenth Century. Saint John, NB, The New Brunswick Museum, 1979. Den 4. august brende abenakiane fortet ned og den nærliggande busetnaden Jamestown.

Fort i Pemaquid vart bygd opp att i stein i 1692-1693 og erobra igjen av ein fransk-indiansk styrke i 1696.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Siege of Pemaquid (1689)» frå , den 3. februar 2012. oppgav desse kjeldene: Paltsits, Victor. The Depredation at Pemaquid in August, 1689

Kategori:Kong Vilhelm-krigen Kategori:Historia til Maine Kategori:Konfliktar i 1689 Kategori:Indianske slag Kategori:Engelske omleiringar