mini|upright|Amy Diamond på kulturnatta i Umeå i 2011.
Amy Linnéa Deasismont, kjend som Amy Diamond () er ein svensk-britisk songar, skodespelar og programleiar.
Biografi
Amy Deasismont vart fødd i Sverige, men flytte med foreldra til England i Storbritannia i barneåra. Engelsk vart difor det fyrste språket ho lærte, men ho flytte tilbake til Jönköping i Sverige som fireåring. Frå seks års alder dreiv ho med kunstløp, og ho gjekk også på danse- og teaterskule. Sommaren 1999 deltok ho i fjernsynstalentiaden Småstjärnorna, og framførte Heaven Is a Place on Earth utkledd som Belinda Carlisle. Ho enda på 3. plass i tevlinga.
mini|venstre|upright|Amy Diamond skriv autografar i Kalmar i 2005.
I 2005 slo Amy Diamond gjennom som songar med singelen «What's In It For Me», som vart ei landeplage i Skandinavia og Baltikum. I Polen var songen den mest spelte på radio den sommaren. Singelen var med på debutplata hennar, This Is Me Now som kom ut i mai, og songane «Welcome to the City», «Shooting Star» og «Champion» var også gjeve ut på singel. Under VM i friidrett 2005 i Helsingfors var «Champion» den offisielle VM-låta til det svenske laget. I 2005 vann ho tre musikkprisar, og ho var nominert til fleire, t.d. Grammis, der ho var den yngste artisten som vart nominert nokonsinne.
Amy Diamond har så langt vore ein aktiv artist. Allereie året etter gav ho ut neste plate, Still Me, Still Now. Frå dette albumet vart singelen «Don't Cry Your Heart Out» ganske populær, både i Sverige og Noreg. Fram til 2010 har ho gjeve ut minst eitt album i året. I 2006 vart ho kåra til Årets turnédronning av Aftonbladet, og tidsskriftet Tove kåra henne til Årets artist 2006. 2 gonger har ho delteke i svenske Melodifestivalen; i 2008 med låta «Thank You» og i 2009 med «It's My Life». Av dei to var «Thank You» den som fekk høgast plassering med ein 8. plass i hovudfinalen. I 2010 lanserte ho samleplata Greatest Hits, berre 18 år gamal.
Som skodespelar har ho hatt roller i nokre svenske fjernsynsseriar. I desember 2009 fekk ho rolla som Alice i musikalen Alice i Underlandet på Maximteatern i Stockholm. I januar 2011 vart ho programleiar for hundeprogrammet Bulldogg på SVT B. Amy er i dag utdanna frisør.
Diskografi Album 2005: This Is Me Now 2006: Still Me, Still Now 2007: Music in Motion 2008: Music in Motion - Gold Edition 2008: En helt ny jul 2009: Swings and Roundabouts 2010: Greatest Hits
Kjelder Denne artikkelen byggjer på «Amy Diamond» frå , den 8. februar 2012.
kategori:Svenske songarar kategori:Svenske skodespelarar kategori:Svenske programleiarar Kategori:Melodifestivalen-deltakarar