Pizzo Forno er eit fjell i Dei lepontinske Alpane i kantonen Ticino i Sveits. Det ligg mellom Piumognadalen, Chironicodalen og Leventinadalen. Det har ei pyramideform og grenser mot Pizzo di Campo Tencia i aust. Fjellet er mogeleg å sjå frå kommunane Faido, Giornico og Chironico. Nordaustveggen er særleg mektig og stig nesten 1 500 m opp frå Piumognadalen. Fjellveggen er best synleg frå landsbyen Gribbio. Bergarten er mjuk og fjellet er ofte utsett for ras.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Pizzo Forno» frå , den 11. februar 2012.

Kategori:Fjell i Alpane Kategori:Fjell i Sveits Kategori:Fjell i Ticino