Calanda er eit fjell i Glarus-Alpane med dei to fjelltoppane Haldensteiner Calanda (høgast) og Felsberger Calanda (2697 moh), begge på grensa mellom kantonane St. Gallen og Graubünden aust i Sveits. Fjellet ruvar over Chur, hovudstaden i Graubünden.
Sjølv om fleire toppar med skardhøgd opp mot 286 meter (for Felsberger Calanda) kan kallast eit fjell på eiga hand, så vert som regel massivet omtalt som eit enkelt fjell.
Sidan nordvestsida mot Taminadalen er særs bratt, ligg det meste av fjellet i kantonen Graubünden i kommunane Landquart, Untervaz, Haldenstein, Felsberg og Tamins, medan Tmainadalsida ligg i kantonen St. Gallen og kommunen Pfäfers.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Calanda (mountain)» frå , den 12. februar 2012.
Bakgrunnsstoff Haldensteiner Calanda på SummitPost
Kategori:Fjell i Alpane Kategori:Fjell i Sveits Kategori:Fjell i Graubünden Kategori:Fjell i St. Gallen