Haiti, offisielt Republikken Haiti, er eit land som utgjer den vestlege tredjedelen av øya Hispaniola i Det karibiske havet, aust for Cuba; Den dominikanske republikken utgjer resten. Øya er ein del av Dei store Antillane.
Namnet Haiti (opphavleg Ayiti) kjem frå taino (det opphavlege språket på Hispaniola), og tyder «høgt land». Landet er det mest fjellrike i Karibia, og den høgaste toppen er Pic la Selle på 2680 moh. Arealet er på 27 750 km², og hovudstaden er Port-au-Prince. Haiti har eit tropisk havklima med mykje nedbør på nordkysten, medan den sørlege delen av landet er tørrare.
Haiti var opphavleg ein fransk koloni, men var mellom dei fyrste landa som erklærte seg sjølvstendig – etter eit slaveopprør i kjølvatnet av den franske revolusjonen – i 1804. Landet vart dermed den fyrste sjølvstendige republikken som var styrt av ikkje-kvite, men sidan frigjeringa har det vore prega av ustabilt styresett og fattigdom. I løpet av 200 år har det vore gjennom fleire titals diktatorar og statskupp.Hans Petter Buvollen: «Haiti – historie» hjå Store norske leksikon, innhenta 17. januar 2010. Den fyrste demokratisk valde presidenten, Jean-Bertrand Aristide, vart avsett i 1991. Sivilt styre vart gjenoppretta etter at USA og SN gjekk inn i 1994.
Innbyggjarane er, til skilnad frå nabolanda, hovudsakleg av afrikansk opphav, og språka dei brukar er haitisk-kreolsk og fransk. Dei fleste innbyggjarane er småbønder som lever i stor fattigdom. Næringslivet i landet er lite utvikla, og Haiti er i dag rekna som det fattigaste landet på den vestlege halvkula.Christina Milsom: «Haiti» hjå Latin-Amerikagruppene i Norge.
Geografi
Topografi mini|300px|Kart over Haiti Haiti ligg på den vestlege delen av Hispaniola, den nest største øya i Dei store Antillane. Det er det tredje største landet i Karibia etter Cuba og Den dominikanske republikken. Sistnemnde har elles ei felles grense på 360 kilometer med Haiti. Landet ligg på det næraste berre om lag 45 nautiske mil (80 km) frå Cuba, og det har den nest lengste kystlinja (1 771 km) i Dei store Antillane, etter Cuba. Landskapet i Haiti omfattar hovudsakleg kuperte fjell med små kystsletter og elvedalar. Om lag av landarealet ligg høgare enn 500 moh.Cato Næverdal: «Haiti – geologi og landformer» hjå Store norske leksikon, innhenta 16. januar 2010.
Fire fjellkjeder av kalkstein strekkjer seg gjennom landet i retning aust–vest. På dei høgaste fjellpartia finn ein oftast magmatiske bergartar, krystallinske skifrar eller eldre sediment. I den nordlege delen av landet finn ein Massif du Nord (Nordmassivet) og Plaine du Nord (Nordsletta). Massif du Nord er ei forlenging av Cordillera Central i Den dominikanske republikken. Det byrjar på den austlege grensa til Haiti, nord for elva Guayamouc, og går vidare mot nordvest gjennom den nordlege halvøya i landet. Låglanda på Plaine du Nord ligg langs den nordlege grensa til Den dominikanske republikken, mellom Massif du Nord og Nord-Atlanteren. Området i midten av landet omfattar to sletter og to fjellkjeder. Plateau Central (Sentralplatået) går langsmed begge sidene av elva Guayamouc, sør for Massif du Nord. Det går frå sørvest til nordvest. Sørvest for Plateau Central finn ein Montagnes Noires, som i nordvest møter Massif du Nord. Det vestlegaste punktet i landet er kjent som Cap Carcasse.
mini|venstre|upright|Utsyn over Limbéelva nord i Haiti Den sørlege delen av landet omfattar Plaine du Cul-de-Sac (i søraust) og den fjellrike halvøya i sør, som er kjend som Tiburonhalvøya. Plaine du Cul-de-Sac er eit naturleg lågland som omfattar saltsjøane i landet, som Trou Caïman og Étang Saumâtre, som også er den største innsjøen i Haiti. Fjellkjeda Chaîne de la Selle – som strekkjer seg frå den sørlege fjellkjeda i Den dominikanske republikken (Sierra de Baoruco) – går frå Massif de la Selle i aust til Massif de la Hotte i vest. Denne fjellkjeda omfattar Pic la Selle, det høgaste punktet i Haiti, på 2 680 moh.
Den viktigaste dalen i landet når det gjeld landbruk, er Plaine de l’Artibonite, som ligg sør for Montagnes Noires. Dette området omfattar den lengste elva i Haiti, Artiboniteelva, som også er den lengste på heile Hispaniola. Ho byrjar i det vestlege området i Den dominikanske republikken, og går vidare gjennom det sentrale Haiti, før ho renn ut i Gonâvebukta. Den austlege og sentrale delen av øya er eit stort og høgt platå. Haiti omfattar også fleire øyar utanfor kysten. Den historisk kjende øya Tortuga (Île de la Tortue) ligg utanfor nordkysten av Haiti. Arrondissementet La Gonâve ligg på øya med same namn i Gonâvebukta. Denne øya er busett av landsbybuarar. Île à Vache (Kuøya), som er ei frodig øy med mange turistattraksjonar, ligg utanfor den sørvestlege spissen av Haiti. Les Cayemites og Île de Anacaona høyrer også til Haiti.
Klima Haiti ligg i tropane og er heile året dominert av nordaustpassaten, men får likevel ikkje like mykje vind som Den dominikanske republikken, fordi landet ligg på lesida av øya Hispaniola. Terrengforholda og plasseringa i høve til den rådande vindretninga gjev store skilnader i årsnedbøren. Generelt fell det mindre nedbør i låglandet enn i fjella, og nedbøren er vanlegvis størst på nord- og nordaustvende skråningar. Cap-Haïtien på nordkysten får såleis omkring 3 250 mm i året, med nedbør i alle månader, men med eit maksimum om vinteren, då passaten er sterkast. Hovudstaden Port-au-Prince ligg derimot i le av dei nordlege fjellkjedene, og får om lag 1 340 mm nedbør, som hovudsakleg fell i sommarhalvåret. Andre delar av landet får mindre enn 700 mm nedbør per år. Den nordvestlege halvøya og Gonâveøya (Île de la Gonâve) er spesielt tørre.
Temperaturane varierer med høgda, men normal årstemperatur ligg rundt 26 °C i låglandet. Døgntemperaturane svingar generelt meir enn årsnormalane. Landsbyen Kenscoff, som ligg 1 430 moh., har ein normal temperatur på 16 °C, medan Port-au-Prince, som ligg på havnivå, har ein normal på 26 °C. Om vinteren kan det kome frost i dei høgaste områda.
Den sørlege halvøya er meir utsett for tropiske orkanar enn andre delar av landet, og har teke stor skade av orkanar som Allen (1980), Gilbert (1988) og Georges (1998). I august og september 2008 skapte fleire orkanar stor skade, og om lag 800 liv gjekk tapt.
Plante- og dyreliv Der landformene gjer det mogleg, veks det mangroveskog langs kysten. Haiti hadde tidlegare regnskog i nord, men han er for det meste hoggen ned. Mot sør og i innlandsdalane finn ein savanne. Tropiske og subtropiske nyttevekstar som avokado, mango, lime og appelsin, finst ville. I dei tørraste strøka finn ein steppevegetasjon med mellom anna kaktus og alfagras. I høgare område veks det framleis spreidde populasjonar av barskog. Over om lag 1500 moh. vert vegetasjonen alpin. Floraen er relativt artsrik: det er registrert over 5 000 artar karplanter.
Pattedyrfaunaen er fattig og omfattar hovudsakleg flaggermus, gnagarar og innførte artar som katt, hund og mangust. Den sjeldne haitialmiquien høyrer til den primitive insektetarfamilien furespissmus. Saman med ein nær slektning på Cuba er han ein av berre to gjenlevande artar i familien. Det er også funne fossil av store, marklevande dovendyr i Haiti. Amerikamanat eller lamantin, som er ei sjøku, finst i kystfarvantet. Mange fuglar er knytte til våtmarkene og kysten, som brunpelikan, lattermåse, suler, hegrar, rikser, vadarar og terner. Elles finst det mellom anna papegøyar, gaukar, kolibriar, trogonar, todiar og spettar i landet. Av dei over 250 artaneDenis Lepage: «Bird Checklists of the World – Haiti» hjå Avibase, innhenta 26. februar 2011. som er observerte i Haiti, er fleire stadeigne for Hispaniola, som til dømes hispaniolaparakitt og brunbrystgauk.
mini|Satellittbilete av Haiti si grense mot Den dominikanske republikken (til høgre) som tydeleg viser avskoginga på haitisk side
Miljøproblem I 1925 var Haiti eit frodig land der ein framleis hadde att 60 % av den opphavlege skogen. I dag står det berre om lag 2 % att, hovudsakleg fordi enorme mengder har vorte teke ut til fyringsved. Dette har igjen ført til at fruktbar jordbruksmark har vorte øydelagd, noko som bidreg til ørkenspreiing.«Haiti – Forestry in Haiti» hjå Library of Congress Country Studies, innhenta 14. mai 2011.
I tillegg til jorderosjon, har avskoginga ført til store flaumproblem, noko ein til dømes såg 17. september 2004. Tidlegare det året, i mai, hadde flaumane dessutan teke livet av 3 000 personar sør i landet, på grensa mot Den dominikanske republikken.Amy Bracken: «Deforestation Exacerbates Haiti Floods » (22.09.2004), innhenta 14. mai 2011.
Demografi
Folkesetnad mini|300px|Folkesetnaden i Haiti (i tusen) frå 1961 til 2003 Sjølv om det i snitt bur 325 personar per kvadratkilometer i Haiti, er folkesetnaden konsentrert rundt tettstadene, kystslettene og dalane. Folketalet i Haiti var på omkring 9,8 millionar i 2008 ifølgje SN,«Country profile: Haiti» hjå BBC News (10.11.2008), innhenta 18. januar 2010. og halvparten av dei er under 20 år.«New Haiti Census Shows Drastic Lack of Jobs, Education, Maternal Health Services » hjå United Nations Population Fund (UNFPA), innhenta 18. januar 2010. Den fyrste formelle folketeljinga, som vart gjord i 1950, viste at folketalet då var 3,1 millionar.«Haiti – Population» hjå Library of Congress Country Studies, innhenta 18. januar 2010. Haiti har det høgaste fødselstalet på den vestlege halvkula.«Reaching Out to a Devastated Haiti» hjå The New York Times (14.01.2010), innhenta 18. januar 2010.
90–95 % av haitiarane (avhengig av kjelde) er av hovudsakleg afrikansk avstamming, og dei resterande 5–10 % av folkesetnaden er hovudsakleg av blanda avstamming. Den vesle prosentdelen som utgjer den ikkje-svarte folkesetnaden, er hovudsakleg kaukasiske folk og kvite haitiarar, der dei fleste er av arabisk,«The Upper Class» hjå Library of Congress Country Studies, innhenta 18. januar 2010. vesteuropeisk (fransk, tysk, polsk, portugisisk og spansk) og jødisk opphav.«Aimaq, Firozkohi of Afghanistan Ethnic People Profile» hjå the Joshua Project, innhenta 18. januar 2010.«The Virtual Jewish History Tour: Haiti» på Jewishvirtuallibrary.org, innhenta 18. januar 2010.
Haitiarane med blanda opphav bur hovudsakleg i dei velståande forstadene, som Pétionville og Kenscoff. Mange av dei er fødde i dei sørvestlege delane av Haiti, som Jacmel, Les Cayes og Cavaillon. I kolonitida var det ein høgare prosentdel europearar i dette området enn i den nordlege delen av landet, som var meir isolert, hadde færre byar og var vigd til store plantasjar med afrikanske slavar. Nokre av dei kvite plantasjeeigarane sørgde for at sønene (og nokre gonger døtrene) fekk utdanning, og nokre sende dei til og med til Frankrike. Ein del av folkesetnaden med blanda opphav greidde difor å byggje opp meir sosial kapital enn dei som budde i nord. I tillegg hadde dei med blanda opphav fleire borgarrettar enn dei frie afrikanarane. Allereie før revolusjonen hadde mange utdanna menn med blanda opphav vorte del av leiarskapen i landet.
Språk Eit av dei to offisielle språka i Haiti, er fransk, som er mest brukt i skriftlege, skulerelaterte og administrative samanhengar. Dei fleste haitiarane med utdanning kan det, og det er dominerande i næringslivet. Det andre språket er det nyleg normerte kreolspråket haitisk,Albert Valdmann: «Creole: The National Language of Haiti » på Indiana.edu, innhenta 18. januar 2010. som vert snakka av så å seie heile folkesetnaden i landet. Haitisk er franskbasert, men har også stor påverknad frå afrikanske språk, og ein mindre påverknad frå spansk og taino. Det er i slekt med louisianakreolsk. Ein god del av folkesetnaden kan også spansk, men det er ikkje offisielt språk i landet.
Religion