Europaveg 16 (E 16) er ein europaveg som går mellom Londonderry i Nord-Irland i Storbritannia, over Bergen og til Gävle i Sverige, med arm frå Hønefoss til kryss med europaveg 18 i Sandvika i Bærum, der endepunktet for E 16 låg tidlegare. Vegen er kring 1180 kilometer lang, inkludert 190 kilometer i Storbritannia, 630 km i Noreg og 360 kilometer i Sverige. I Storbritannia er korkje E 16 eller andre europavegar skilta som europavegar, men etter eit nasjonalt system.

Den lengste vegtunnelen i verda, Lærdalstunnelen med ei lengd på 24 509 meter, ligg på E16. Det gjer òg den over 11,4 kilometer lange Gudvangatunnelen, den nest lengste i Noreg. Mellom Gudvangen og Lærdal er det 51,5 km, og av det 43,0 km i tunnel.

Mellom Bergen og Åsane delar vegen trasé med europaveg 39 og eit lite stykke nord for Belfast med europaveg 18.

Trasé fastlagt av UNECE: Londonderry - Belfast ... Glasgow - Edinburgh ... Bergen - Fagernes - Oslo. I Noreg er E16 skilta mellom Bergen og Riksåsen i Kongsvinger (inkludert arm frå Hønefoss over Sollihøgda til Bærum). Etter omskilting hausten 2012 er delar av tidlegare riksveg 35, riksveg 2 og riksveg 200 del av nye E16 til grensa.http://www.vegvesen.no/Om+Statens+vegvesen/Media/Nyhetsarkiv/Lokalt/Region+%C3%98st/E16+-+en+internasjonal+veg.380249.cms

Det går ikkje ferje Belfast-Glasgow. Alternativ ferje er Belfast - Stranraer (Stena Line, 1,5-3 timer, 9 turar/dag). Det går ikkje ferje Edinburgh-Bergen, heller ikkje mellom Newcastle-Bergen

Knutepunkt mini|Bru over Clyde i Glasgow mini|På Nygardstangen i Bergen møtes 24px|link=Europaveg 16, 24px|link=Europaveg 39 og . mini|24px|link=Europaveg 16 i Aurland mini|Lærdalstunnelen frå sør mini|Filefjell ved Kyrkjestølane sett mot vest.

Forlenginga Oppgavleg enda E 16 i Sandvika, men det vart fremja ynske for UNECE i Genève frå norsk og svensk hald om å forlenge vegen til Gävle i Sverige (via Oslo lufthamn, Gardermoen og Kongsvinger), gjennom omklassifisering av eksisterande veger (, , , . Desse strekninga vart omskilta i 2012 slik at E16 kryssar riksgrensa og endar i Gävle. Det gamle endepunktet i Sandvika er no ei arm på E16.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Europavei 16» frå , den 22. mai 2010. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff

Kategori:Europavegar

016 Kategori:Vegar i Innlandet Kategori:Vegar i Buskerud Kategori:Vegar i Akershus Kategori:Vegar i Storbritannia Kategori:Vegar i Nord-Irland