Peter Müller () frå Adliswil er ein sveitsisk, tidlegare skirennar. Han vart verdsmeister i utfor under VM 1987, og vann fire sølvmedaljar i utfor under to olympiske leikar og to verdsmeisterskap i tida 1984-89. Han vann utforcupen av verdscupen tre gongar; 1979, 1980 og 1982. I verdscupen totalt kom han tre gongar på fjerdeplass; 1982, 1985 og 1986.
Müller var spesialist i fartsøvingane. Mellom februar 1977, då han vann sin første siger, og desember 1988, då han gjekk til topps siste gongen, vann han til saman 24 verdscuprenn. 19 av sigrane kom i utfor, tre i kombinasjonsrenn og to i super-G. 12. desember 1982 vann han det aller første verdscuprennet i super-G-øvinga. Han kom 51 gongar (24-16-11) på pallplass i verdscupen.
Medaljar og besteplasseringar i internasjonale meisterskap 1978: Nr 5 i utfor under VM i alpint i Garmisch-Partenkirchen 1980: Nr 4 i utfor under vinter-OL i Lake Placid 1982: Nr 5 i utfor under VM i alpint i Schladming 1984: Sølvmedalje i utfor under vinter-OL i Sarajevo 1985: Sølvmedalje i utfor under VM i alpint i Bormio 1987: Gullmedalje i utfor under VM i alpint i Crans-Montana 1988: Sølvmedalje i utfor under vinter-OL i Calgary 1989: Sølvmedalje i utfor under VM i alpint i Vail
Müller la opp som skirennar i 1992.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Peter Müller (Skirennläufer)» frå , den 17. februar 2012.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Sveitsiske alpinistar Kategori:Verdsmeistrar i alpine greiner Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar for Sveits Kategori:Sveitsiske deltakarar under vinter-OL 1980 Kategori:Alpinistar under vinter-OL 1980 Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 1984 Kategori:Sveitsiske deltakarar under vinter-OL 1984 Kategori:Alpinistar under vinter-OL 1984 Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 1988 Kategori:Sveitsiske deltakarar under vinter-OL 1988 Kategori:Alpinistar under vinter-OL 1988