Col du Lautaret er eit 2.057 m høgt fjellpass i dei franske alpane som knyter saman dalane Oisans og Briançonnais.

Ein kan nå passet frå tre sider. Søraustsida startar i Briançon. Vestsida frå landsbyen Le Clapier ved Le Bourg-d'Oisans er den lengste og tyngste opp. Ved vegen ligg det oppdemte vatnet Lac du Chambon og vintersportstaden La Grave. Frå nord kjem ein til Lautaret frå Saint-Michel-de-Maurienne over Col du Télégraphe (1 566 m), skistaden Valloire og Col du Galibier (2 645 m).

Vegane til Col du Lautaret er nesten kvart år i bruk under Tour de France. Fritidssyklistar kan nå fleire pass frå Col du Lautaret: Col du Galibier, Col de la Madeleine (2 000 m), Col du Glandon (1 924 m), Col de la Croix-de-Fer (2 067 m) og Col d'Izoard (2 360 m). Lautaret høyrer til Hautes-Alpes og utgjer forbindelsen med Isère og Savoy.

Nordvest for passhøgda ligg alpinumet Station Alpine Joseph Fourier som blei bygd i 1899.

Referansar

Bakgrunnsstoff Lautaret sin geologi Høgdeprofil frå Briançon Høgdeprofil frå Le Clapier

Kategori:Fjellovergangar i Frankrike Kategori:Fjellovergangar i Alpane Kategori:Tour de France Kategori:Provence-Alpes-Côte d'Azur