Olav Øysteinson Sande () var ein skulemann, folkemusikk- og folkeminnesamlar og komponist frå Kyrkjebø, i dag Høyanger i Sogn.

Sande tok lærareksamen i 1871 og var lærar i Leikanger i Sogn frå 1873. I åra framover var han ein leiande i det frilynde ungdomarbeidet i Sogn. Han tok til å samle folkeminne og gav ut to samlingar med segner frå Sogn, 1887 og 1892. I 1895 gav han ut Bibelsoga fyr folkeskulen. Han skreiv også dikt og forteljingar.

Fram om alt var Sande ein folketonesamlar, som fekk statsstipend frå 1899. Mellom 1904 og 1911 kom firebandsverket Norske tonar. Elles let han etter seg 2 500 nummer som no er å finne på Universitetsbiblioteket i Oslo. Sande tonesette fleire nynorske dikt, mest kjende er Det stig av hav eit alveland og Aa eg veit meg eit land.

Sande døydde i Bergen.

Bibliografi Bøker

I tidsskrift - eit utval Lokalhistoriske artiklar Sogn og Fjordane

Utmerkingar Olav Sande vart tildelt Kongens fortjenstmedalje 1. juli 1925.Det norske kongehuset

Tekstar om Olav Øysteinson Sande

Referansar

Kjelder Norsk Allkunnebok, IX. bandet, 1960

Bakgrunnsstoff Om Olav Sande i Lokalhistoriske artiklar Sogn og Fjordane

Musikkmanuskript samla av Olav Sande. I fulltekst ved nb.no

Kategori:Norske folkeminnesamlarar Kategori:Norske komponistar Kategori:Norske lærarar Kategori:Folk frå Høyanger Kategori:Statsstipendiatar Kategori:Forfattarar frå Høyanger Kategori:Kongens fortenestmedalje i gull Kategori:Nynorskforfattarar Kategori:Norske novelleforfattarar Kategori:Norske sakprosaforfattarar Kategori:Norske lyrikarar Kategori:Forfattarar frå Leikanger