Kalbe Razi Naqvi () er ein norsk-pakistansk fysikar. Han tok doktorgraden frå University of Manchester i 1968 og vart dosent i fysikk ved NTH frå 1977. Frå 1985 var han professor ved Universitetet i Trondheim (no NTNU) frå 1985. Naqvi har utført viktige arbeider i biofysikk og fysikalsk kjemi, særskild om luminescens av organiske molekyl. Vidare har han undersøkt rotasjonen til proteinmolekyl i ein membran ved hjelp av ein lysspektroskopisk teknikk og gjeve bidrag til den teoretisk utrekninga av den todimensjonale diffusjonskoeffisient, kalla Razi Naqvis kinetiske lov.
Kjelder Kalbe Razi Naqvi. (2012-02-20) I Store norske leksikon. Henta frå http://snl.no/Kalbe_Razi_Naqvi
Kategori:Pakistanske fysikarar Kategori:Norske fysikarar Kategori:Nordmenn av pakistansk opphav Kategori:Norske fysikkprofessorar Kategori:Professorar ved NTNU Kategori:Fysikarar på 1900-talet Kategori:Fysikarar på 2000-talet