Werner Karl Heisenberg () var ein kjend tysk fysikar og ein av dei viktigaste fysikarane på 1900-talet.Werner Heisenberg. I Store norske leksikon. Henta frå: http://snl.no/Werner_heisenberg Han vann mellom anna Nobelprisen i fysikk i 1932 «for å ha skapt kvantemekanikken». I lag med Max Born og Pascual Jordan utvikla Heisenberg matriseformuleringa av kvantemekanikken i 1925 og i 1927 publiserte han uskarpleiksrelasjonen, som bygde på filosofien hans og som han er mest kjend for. Han gjorde òg viktige bidrag i hydrodynamikken i turbulente straumar, atomkjernar, ferromagnetisme, kosmisk stråling og subatomære partiklar. Han var òg særs viktig i planlegginga av den første vesttyske kjernereaktoren i Karlsruhe og ein forskingsreaktor i München i 1957. Det har vore mykje kontroversar kring arbeidet hans på atomforsking under andre verdskrigen.

Liv Heisenberg vart fødd i ein professorfamilie i Würzburg i 1901. Faren hans var bysantinisten August Heisenberg. Studiet sitt i fysikk fullførte han på minstetida, tre år, og vart i 1924 assistent for Max Born i Göttingen og arbeidde med Niels Bohr i København. I dei følgjande åra grunnla han saman med Max Born og Pascual Jordan kvantemekanikken. Berre 26 år gammal vart han i 1927 professor ved universitetet i Leipzig, og fekk i 1932, 31 år gammal, Nobelprisen i fysikk. Mellom 1942 og 1945 leia han Kaiser-Wilhelm-Institut für Physik i Dahlem og underviste som professor ved Humboldt-universitetet i Berlin, der han deltok i hæren sin uranprosjekt og arbeidde med utviklinga av atombomba. I 1946 vart han direktør for Max-Planck-Institut für Physik i Göttingen, og frå 1958 til 1970 var han direktør for Max-Planck-Institut für Physik und Terrestrische Physik i München.

Heisenberg vart i 1957 utnemnd til den tyske ordenen Pour le Mérite für Wissenschaften und Künste.

Med kona si Elisabeth, som han hadde gifta seg med i 1936, hadde Heisenberg sju born, mellom dei genetikkprofessoren Martin Heisenberg.

Kjelder

Delar av denne artikkelen bygger på «Werner Heisenberg» frå , den 21. februar 2012.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Tyske fysikarar Kategori:Tyske nobelprisvinnarar Kategori:Nobelprisen i fysikk Kategori:Pour le Mérite Kategori:Folk frå Würzburg Kategori:Medlemmar av Royal Society Kategori:Tyske fjellklatrarar Kategori:Medlemmar av Det pavelege vitskapsakademiet Kategori:Medlemmar av Det prøyssiske vitskapsakademiet Kategori:Atomvåpenprogrammet til Nazi-Tyskland Kategori:Folk frå kongedømet Bayern Kategori:Vitskapsfilosofar Kategori:Kvantefysikarar Kategori:Teoretiske fysikarar Kategori:Fysikarar på 1900-talet Kategori:Max Planck-medaljen Kategori:Niels Bohr-medaljen