John Bardeen () var ein amerikansk fysikar og den einaste som har fått nobelprisen i fysikk to gonger.
Far til Bardeen var professor i anatomi og dekan på ein medisinsk høgskole.
Bardeen vart Bachelor of science i 1928 og Master of science i 1929 i elektroteknikk ved universitetet i Wisconsin (Madison). i 1936 avla han doktorgraden sin i matematisk fysikk ved Princeton-universitetet. Han jobba ved universitetet i Minnesota frå 1938 til 1941. I andre verdskrigen var han fysikar ved den amerikanske marinens laboratorium i Washington D.C..
Som fysikar ved Bell telefonlaboratorium i Murray Hill i New Jersey frå 1945 til 1951 høyrte han til den arbeidsgruppa som 1947 oppdaga transistoreffekten. 1948 offentleggjorde dei den første transistoren, noko som utløyste ein elektronisk revolusjon. For dette arbeidet vart han tildelt nobelprisen i fysikk i 1956 saman med to av kollegaene sine, William B. Shockley og Walter Brattain.
Frå 1951 til 1975 var Bardeen professor for elektroteknikk og fysikk ved Illinois universitet.
1972 mottok han saman med Leon N. Cooper og John R. Schrieffer nok ein gong nobelprisen i fysikk. Dei hadde kome med ein teori som forklarte superleiareigenskapen, den såkalla BCS-teorien, kalla opp etter initialane til oppdagane. Alt i 1930-åra hadde Bardeen forska på fenomenet og han kom i 1950-åra fram til ei teoretisk forklaring. I og med sin andre nobelpris vart han den første vitskapsmannen som fekk nobelprisen to gonger i same kategori, og han er framleis den einaste som har fått prisen to gonger i fysikk.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «John Bardeen» frå , den 22. februar 2012.
Kategori:USA-amerikanske fysikarar Kategori:Nobelprisvinnarar frå USA Kategori:Nobelprisen i fysikk Kategori:Alumni frå Princeton University Kategori:Folk frå Madison Kategori:USA-amerikanske elektroingeniørar Kategori:Kvantefysikarar Kategori:Fysikarar på 1900-talet Kategori:Medlemmar av Royal Society