1707 (romartal MDCCVII) var eit normalår som byrja på ein laurdag i den gregorianske kalenderen og eit normal som byrja på ein onsdag i den 11 dagar seinare julianske kalenderen. Den svenske kalenderen låg ein dag framfor den julianske og ti dagar etter den gregorianske, slik at 1707 var eit normalår som byrja på ein tysdag.
Hendingar Pågåande konfliktar: Den store nordiske krigen (1700-1721), den spanske arvefølgjekrigen (1701-1714).
Utlandet 1. januar: Johan V blei krona til konge av Portugal og Algarve i Lisboa. 16. januar: Unionslovane (Acts of Union) for unionen mellom England og Skottland blei vedtekne av Det skotske parlamentet etter å ha blitt vedtekne av Det engelske parlamentet tidlegare. 26. mars: Det skotske parlamentet blei oppløyst og Skottland gjekk i union med England. 22. oktober: Ulukka ved Scilly-øyane. Fire britiske marineskip gjekk på skjær ved Scilly-øyane på grunn av navigasjonsfeil. Over 1400 sjømenn omkom, mellom dei admiral Cloudesley Shovell. 28. oktober: Hōeijordskjelvet i Japan, det største jordskjelvet i japansk historie fram til 2011.
Fødde
15. april: Leonhard Euler, sveitsisk matematikar 22. april: Henry Fielding, britisk forfattar 23. mai: Carl von Linné, svensk naturforskar, lege, biolog, botanikar og forfattar
Døde mini|Petter Dass døydde 17. august 1707.
3. mars: Aurangzeb, stormogul av Mogulriket 9. mai: Dietrich Buxtehude, tysk toneskapar 17. august: Petter Dass, norsk prest og diktar