Martinus J.G. Veltman () var ein nederlandsk fysikar. Veltmann er kjent for pionerarbeidet sitt med renormalisering av gaugeteoriar. Som nyutnemnd professor ved Rijks Universiteit utvikla han eit dataprogram, Schoonship, som utførte algebraiske forenklingar av dei kompliserte uttrykka som alle kvantefeltteoriar resulter i når ein vil gjere utrekningar. Ved hjelp av dette programmet blei det mogeleg å verifisere de resultata som studenten hans Gerardus 't Hooft hadde kome fram til, og saman utarbeidde dei ein detaljert utrekningsmetode som mellom anna gjorde det mogeleg å rekne ut massen til toppkvarken.
Veltman vart tildelt Nobelprisen i fysikk i 1999, saman med 't Hooft, for sine avgjerande innsatser innan kvantestrukturen til teorien for elektrosvak vekselverknad i fysikken.
Han tok doktorgrad i fysikk ved universitetet i Utrecht i 1963, der han òg var professor i perioden 1966–81. Han var òg professor ved University of Michigan frå 1981 og fram til han gjekk av med pensjon.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Martinus J. G. Veltman» frå , den 22. februar 2012.
Kategori:Nederlandske fysikarar Kategori:Nederlandske nobelprisvinnarar Kategori:Nobelprisen i fysikk Kategori:Folk frå Noord-Brabant Kategori:Medlemmar av United States National Academy of Sciences Kategori:Teoretiske fysikarar Kategori:Fysikarar på 1900-talet Kategori:Fysikarar på 2000-talet