mini|Kong Sigurd og Kong Baldvine rir frå Jorsalaborg til elva Jordan. Illustrasjon av Gerhard Munthe.
Jorsala (genitiv av Jorsalir) var det norrøne namnet på Jerusalem. I norske omsetjingar av dei norrøne kongesogene kan ein bruka omgrepa Jorsalaborg om byen, og Jorsalaland eller Jorsalaheim om området.
Ordet har gjeve tilnamnet «Jorsalfare» for ein person som hadde vore i Jerusalem på valfart eller krosstog, som kong Sigurd Jorsalfare.
Sjå òg Kongedømet Jerusalem Jerusalem i kristendommen
Kjelder
Kategori:Jerusalem Kategori:Stadnamn av norrønt opphav Kategori:Stader i norrøne soger