Sissel Horndal () er ein norsk biletkunstnar, grafisk designar, illustratør og forfattar frå Mørsvikbotn.

Horndal er utdanna i måleri frå Nordland Kunst- og Filmskole i Kabelvåg og i grafisk design og illustrasjon frå Kunsthøgskolen i Bergen. Ho driv firmaet Rabarbra Bokmakeri og arbeider som bildekunstnar og illustratør. Tidlegare har ho arbeidd med scenografi og kostyme i teateroppsetjingar og i reklamebyrå.

Ho debuterte som forfattar i 1998 med bildeboka Ei halspastill-historie som ho hadde både skrive og illustrert. Horndal fekk Nynorsk barnelitteraturpris for boka. Same året kom kokeboka Ro, ro til fiskeskjær som ho hadde laga saman med kokken Mareno Storeide. I 2000 kom biletboka Eg er ikkje trøtt og i 2008 kom Himmelspringaren. Den sistnemnde fekk ho også Nynorsk barnelitteraturpris for. I tillegg har ho illustrert bøker frå fleire andre forfattarar, mellom dei fleire samiske barnebøker.

Utgjevingar Skrive og illustrert 1998 – Ei halspastill-historie – barnebok (bildebok), Samlaget (nynorsk) 2000 – Eg er ikkje trøtt – barnebok (bildebok), Samlaget (nynorsk) 2008 – Himmelspringaren – barnebok (bildebok), Mangschou, Bergen (nynorsk) 2010 – Stallo og sølvmånen – lydbok, opplesen av Eirin Edvardsen 2014 - Historia om alfabetet – bildebok, Rabarbra Bokmakeri, Mørsvikbotn (nynorsk) 2014 - Hokus pokus 1-2-3 – barnebok, Mangschou, Bergen (nynorsk) 2015 - Sølvmånen – billdebok, Forfatternes Forlag (bokmål) 2019 - Fra stjernene til livet : en fortelling fra samisk mytologi – barnebok, Iđut, Billefjord (bokmål)

Illustrert 1998 – Mareno Storeide: Ro, ro til fiskeskjær 2002 – Gøran Andersen: Stuorlådde 2003 – Knut Tore Andersen: Gå skirri sádá 2005 – Kine Hellebust: Ho Kirsti og eg 2005 – Siv-Ingunn Kintel og Adele Nystø Ráhka: Lávllaga 2006 – Kaia Kalstad: Giella Fábmo 4, Giella Fábmo Barggogirjje 2007 – Karin Kinge Lindboe: Døden i døra 2008 – Anne Osvaldsdatter Bjørkli: Huskereisa 2009 – Sissel Gaup: Sánit ráidalasas 1 2009 – Sissel Gaup: Sánit ráidalasas 2 2009 – red. Anders Kintel og Kåre Tjihkkom: Subttsasa Nordlándas 2011 – Knut Tore Andersen: Sjáŋŋarlåhkåmgirjje 2011 – Signe Iversen: Mánugánda ja Heike 2011 – Harald O. Lindbach: Logan vel eambbo 2011 – Karen Anne Buljo: Nieidagorži 2011 – Gunn Hild Lem: Måneskinnslandet 2011 – Liv Andersen og Egil Hyldmo: Folket som kunne fly 2011 – Ardis R. Eriksen: Sápmái go?

Prisar og utmerkingar 1998 – Nynorsk barnelitteraturpris for Ei halspastill-historie 2008 – Nynorsk barnelitteraturpris for Himmelspringaren 2015 – Blixprisen for det barnelitterære forfattarskapet sitt. 2018 - Kulturpris for Sørfold

Referansar

Bakgrunnsstoff

horndal.no

Kategori:Norske barnebokforfattarar Kategori:Norske illustratørar Kategori:Norske skjønnlitterære debutantar i 1998 Kategori:Nynorskforfattarar Kategori:Vinnarar av Nynorsk barnelitteraturpris Kategori:Vinnarar av Blixprisen Kategori:Forfattarar frå Nordland Kategori:Folk frå Sørfold Kategori:Nynorsk i Nord-Noreg