Rwanda er ein republikk sentralt i Afrika. Landet er eit av dei minste på det afrikanske fastlandet, og grensar mot Den demokratiske republikken Kongo (DR Kongo), Uganda, Tanzania og Burundi. Rwanda har over tolv millionar innbyggjarar fordelt på 26 338 km², noko som gjer landet til eit av dei tettast folkesette i Afrika. Hovudstaden er Kigali, som ligg sentralt i landet. Rwanda ligg like sør for ekvator, og landskapet er prega av fjell i vest og savannar i aust, og over heile landet finst det mange innsjøar. Landet har eit tropisk klima, med to regntider og to tørketider kvart år.

mini|venstre|Kart over Rwanda

Folkesetnaden er ung, og dei fleste av innbyggjarane i landet bur i landlege område. Innbyggjarane er i hovudsak samansett av dei tre etniske gruppene hutu, tutsi og twa. Den største religionen i landet er kristendom, og det meste utbreidde språket er njaruanda. Engelsk, fransk og swahili har òg offisiell status. Landet er ein republikk med presidenten som statsoverhovud. Den sitjande presidenten er Paul Kagame, som har sete i vervet sidan 2000. Rwanda er eitt av berre tre land i verda med kvinneleg fleirtal i parlamentet, saman med Bolivia og Cuba. Landet har sidan 2006 vore inndelt i fem provinsar.

Området blei folkesett av jegerar og samlarar i stein- og jernalderen, og seinare av bantufolk. Rwanda var opphavleg eit kongedøme, og var styrt av eit aristokrati av tutsiar. Landet blei kolonisert av Tyskland i 1884 som ein del av Tysk Austafrika saman med Tanzania og Burundi, og deretter av Belgia, som invaderte landet i 1916 under fyrste verdskrigen. Etter første verdskrigen blei området som dekker dagens Rwanda og nabolandet Burundi avstått som krigsutbytte til Belgia. Begge dei europeiske nasjonane støtta tutsiane, og i 1959 gjorde hutuane opprør, som enda med at mange tutsiar blei drepne. I 1962 blei det skipa ein sjølvstendig, hutu-dominert republikk. Aukande etniske konfliktar mellom hutuane og tutsiane førte fram til folkemordet i Rwanda i 1994, der eit anslått tal på 500 000–1 000 000 tutsiar og moderate hutuar blei drepne.

Økonomien i landet leid kraftig som følgje av folkemordet i 1994, men har sidan henta seg opp. President Kagame gjennomførte fleire tiltak for å modernisera økonomien i landet. Omtrent 90 % av innbyggjarane er sysselsette i landbruket, som for det meste er sjølvbergingsjordbruk. Dei viktigaste eksportvarene er kaffi og te. Landet har få naturressursar og lite utvikla industri. Fleire turistar har byrja å koma til Rwanda, særleg for å oppleva naturen i landet. Musikk og dans er sentralt i den rwandiske kulturen, med trommer som det viktigaste instrumentet. Tradisjonell kunst og kunsthandverk blir produsert over heile landet.

Geografi alt=Fotografi av samløpet mellom elvene Kagera og Ruvubu.|mini|Samløpet mellom elvene Kagera og Ruvubu. alt=Fotografi av en innsjø og en vulkan i Virungafjellene vest i landet.|mini|Ein innsjø og ein vulkan i Virungafjella vest i landa. Landskapet i Rwanda er prega av fjell og åsar, noko som har gjeve landet tilnamnet Pays des mille collines («Landet med tusen åsar») på fransk. Med sine 26 338 km² er det fjerde minste landet på det afrikanske fastlandet etter Gambia, Eswatini og Djibouti. Rwanda er på storleik med nabolandet Burundi, eller med Haiti og Albania. Heile landet er høgland; det lågaste punktet er elva Ruzizi, 950 meter over havet. Rwanda ligg i det sentrale Aust-Afrika, og grenser mot Den demokratiske republikken Kongo i vest, Uganda i nord, Tanzania i aust og Burundi i sør. Landet ligg like sør for ekvator, og er ein innlandstat. Hovudstaden Kigali ligg omtrent midt i landet.

Grensa mellom nedbørsfelta til elvene Nilen og Kongo går gjennom Rwanda frå nord til sør. Rundt 80 % av landet er del av nedbørsfeltet til Nilen, medan resten (20 %) tilhøyrer nedbørsfeltet til Kongo. Dei fleste større elvene i landet ligg på austsida av vasskiljet mellom Kongo og Nilen. Unntaket er Ruzizi, som munnar ut i Tanganyikasjøen. Den lengste elva i landet er Nyabarongo, som byrjar i den nordvestlige delen av landet, renn nordover, austover og deretter søraustover før ho renn saman med Ruvubu og dannar Kagera, som vidare renn nordover langs grensa mot Tanzania. Nyabarongo–Kagera munnar omsider ut i Victoriasjøen og dannar Nilen. Kjelda i Nyungweskogen er blant stadane som kan reknast for å vera den fjernaste kjelda til Nilen.

Den største innsjøen er Kivusjøen som dekkjer botnen av den vestre delen av Riftdalen (Albertinerifta) langs grensa mot DR Kongo. Med ei maksimal djupne på 480 meter er han blant dei tjue djupaste innsjøane i verda. Andre store innsjøar er Burerasjøen, Ruhondosjøen, Muhazisjøen, Rwerusjøen og Ihemasjøen.

Sentrale og vestlege Rwanda er fjell- og åslendt. Difor blir landet nokre gonger gjeve den franske nemninga Pays des mille collines ('Landet med tusen åsar'). Dei høgaste toppane ligg i den vulkanske fjellkjeda Virunga i nordvest. Fjellkjeda strekkjer seg inn i nabolanda Kongo og Uganda, og består av åtte større vulkanar. Ein av desse er Karisimbi, det høgaste punktet i landet på 4507 meter over havet. Den vestlege delen av landet er ein del av ein økoregion som består av fjellskogen i Albertinerifta. Området ligg mellom 1 500 og 2 500 meter over havet. Sentrale delar av Rwanda er prega av bølgjande åsar og dalar, medan den austre delen av landet i hovudsak består av savannar, sletter og sumpar som strekkjer seg ned mot Kageradalen, 1 220 meter over havet.

Klima og miljø Klimaet i Rwanda er tropisk regnklima med nedbør fordelt over størstedelen av året, men minst i tida mai-august. Regelmessig årleg tørketid gjev savanneklima i delar av landet, mest utprega i aust. I blant kan det kome lengre tørkeperiodar. Den geografiske fordelinga av nedbøren er prega av den kompliserte topografien og årsnedbør på 1000–1500 mm er vanleg. Temperaturen varierer særs lite frå månad til månad og middeltemperaturen er kring 20 °C i omkring 1500 meters høgd, og i fjella kan det kome både frost og snø. Særleg i den tørre årstida kan det vere store skilnad på dag- og nattetemperaturen. Rubona har ein årleg nedbørsnormal på 1179 mm.

Rwanda har mildare temperaturar enn det som er typisk for område nær ekvator, noko som kjem av høgda landet ligg på. Temperaturen i hovudstaden Kigali, som ligg i sentrum av landet, varierer mellom 12 og 27 °C på dagleg basis, med lite variasjon gjennom året. Fjellområda i vest og nord er stort sett kjøligare enn den lågareliggande delen av landet i aust. Det er to regntider i løpet av året. Den første varer frå februar til juni, og den andre frå september til desember. Desse er skilde av to tørketider. Den lengste varer frå juni til september, då det ofte ikkje kjem nedbør i det heile, og ei kortare tørketid frå desember til februar. Klimaet er fuktigare vest og nordvest i landet enn i aust og søraust.

Nokre av miljøproblema i Rwanda er avskoging med etterfylgjande jorderosjon, utarming av jorda og utbreidd tjuvjakt. Nesten all elektrisitet blir produsert av vasskraft.

Global oppvarming har forårsaka ei endring i mønsteret i regntida i Rwanda. Ifølgje ein rapport frå Strategic Foresight Group har klimaendringar redusert talet på regnvêrsdager i året, og har òg ført til hyppigare styrtregn. Begge endringane har ført til vanskar for bønder og redusert produktiviteten i landbruket. Ifølgje Strategic Foresight opplever Rwanda òg ei aukande oppvarming – gjennomsnittstemperaturen har auka på mellom 0,7 °C og 0,9 °C i løpet av dei siste femti åra, og det er estimert at dette vil auka til 2 °C innan 2050.

Flora og fauna mini|Topi (Damaliscus lunatus jimela), ein underart av halvmåneantilope, i Akagera nasjonalpark. alt=Fotografi av fjellgorillaer i nasjonalpark|mini|Volcanoes nasjonalpark er heim til ein estimert tredjedel av fjellgorillabestanden i verda. Fjellgorillaene i fjella i Rwanda er ein viktig attraksjon, som tiltrekkjer seg fleire tusen turistar årleg. I forhistorisk tid var ein tredel av dagens Rwanda dekt av fjellskog. Slik urvegetasjon er no stort sett avgrensa til dei tre nasjonalparkane i landet – Nyungweskogen, Volcanoes og Akagera – medan område med terrassedyrking stort sett dominerer resten av landet. I 2007 var rundt 2 407,5 km² av landet dekt av skog. Det var ein nedgang på 64 % frå 1960, då landet hadde 6 590 km² skog. Det største gjenverande skogområdet, Nyungweskogen, har 200 ulike treslag, i tillegg til eit mangfald av orkidéar og begoniaer. Vegetasjonen i Volcanoes er stort sett bambus og lyngheier, med små skogområde. Akagera har derimot eit savanne-økosystem der akasietre dominerer floraen. Det er fleire sjeldne eller truga plantearter i Akagera.

Det største mangfaldet av store pattedyr finst i dei tre nasjonalparkane. Nyungweskogen har tretten primatartar, inkludert sjimpansar og kolobusapar, medan Volcanoes huser anslagsvis ein tredel av fjellgorillabestanden i verda. I Akagera finst typiske savannedyr som sjiraff, elefant, leopard, neshorn, sebra og afrikabøffel. Løvebestanden i Rwanda døydde ut etter folkemordet i 1994, då nasjonalparkar blei gjort om til leire for fordrivne menneske, og dei gjenverande dyra blei forgifta og avliva av storfegjetarar. Rwanda fekk på nytt ein løvebestand i juni 2015 då Akagera nasjonalpark fekk sju løver frå to sørafrikanske parkar.

Det er kjend rundt 670 fugleartar i Rwanda, og fuglelivet varierer mellom dei austlege og vestlege delane av landet. Nyungweskogen i vest har 280 registrerte arter, der 26 er endemiske for Albertinerifta. Fugleartane edelfrankolin og regnbueturako er endemiske for området. I det austlege Rwanda finn ein savannefuglar som svarthovudgonolek, i tillegg til fuglar som hovudsakleg held til i sumpar og innsjøar, som storkar og traner.

Entomologiske undersøkingar i landet har avslørt eit rikt mangfald av knelarar, mellom dei ein nyoppdaga art.

Historie

Eldre historie mini|Rekonstruksjon av eit kongepalass i Nyanza. Området som utgjer dagens Rwanda har vore grønt og fruktbart i mange tusen år, sjølv i løpet av den siste istida. Det er ikkje kjent når området først blei folkesett, men ein går ut frå at menneske flytta inn kort tid etter den siste istida, anten i neolittisk tid, for rundt ti tusen år sidan, eller i perioden som følgde, opp til rundt 3000 f.Kr. Ein rekner med at dei tidlegaste innbyggjarane i regionen var forfedrane til twa-folket, ei gruppe pygméfolk som framleis lever i Rwanda. Arkeologiske utgravingar utførte frå 1950-åra og seinare har funne bevis for sparsam busetjing av jegerar og samlarar i regionen i sein steinalder, følgd av ein større del busetjarar frå tidleg jernalder. Twa-folket blei seinare fordrivne av innvandrande bantufolk, fyrst hutuane på 1000-talet, som rydda jord for å driva jordbruk, og deretter tutsiane, som var eit kvegfolk, i løpet av 1400-talet.

Det første tutsikongedømmet skal ha blitt oppretta av kong Gihanga kring 1090, men det finst inkje bevis på at han faktisk eksisterte. Den tidlegaste forma for sosial organisering i området var klanar (ubwoko). Frå 1400-talet byrja klanane å samla seg til kongerike, og innan 1700 eksisterte rundt åtte kongerike i dagens Rwanda. Eit av desse var Kongeriket Rwanda, styrt av tutsi-klanen nyiginya, som blei stadig meir dominerande frå midten av 1700-talet. Riket nådde si største utstrekking på 1800-talet under kong Kigeli Rwabugiri, som erobra fleire mindre statar og utvida kongeriket mot vest og nord. Kongen innførte fleire administrative reformer som førte til at skilnadene voks mellom hutu- og tutsifolkesetnaden. Desse inkluderte uburetwa, eit system med tvangsarbeid som hutuane måtte utføra for å få tilgang til landområde som var blitt beslaglagt frå dei, og ubuhake, der hutuar hadde høve til å nytta kveg som tilhøyrte tutsiar i byte mot økonomiske og personlege tenester.

Kolonitida