Strykekvintett nr. 3 i C-dur, K. 515 er skriven av Wolfgang Amadeus Mozart. Som alle strykekvintettane til Mozart, er han ein "bratsjkvintett" fordi han er skriven for ein strykekvartett og ein ekstra bratsj (to fiolinar, to bratsjar og cello).
Verket var ferdig den 19. april 1787, mindre enn ein månad før den stormaktige G-moll-kvintetten, K. 516.
Denne kvintetten inspirerte Schubert til å skrive sin eigen strykekvintett i same toneart.Rosen 2003
Satsar Verket består av fire satsar: I. Allegro II. Andante III. Menuetto: Allegretto IV. Allegro
Den første satsen er massiv i omfang og er den største «sonata-allegro»-satsen før Beethoven,Rosen 1997:268 og tar vanlegvis eit kvarter å framføre.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «String Quintet No. 3 (Mozart)» frå , den 29. februar 2012. oppgav desse kjeldene: Berger, Melvin (2001). Guide to Chamber Music, Mineola, NY: Dover Publications. ISBN 0-486-41879-0. Rosen, Charles (1997). The Classical Style: Haydn, Mozart, Beethoven, New York: W. W. Norton & Co.. ISBN 0-393-00653-0. Rosen, Charles (2003). "Schubert and the example of Mozart", i Brian Newbould [ed.], Schubert the Progressive: History, Performance Practice, Analysis, Ashgate.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Strykekvintettar av Wolfgang Amadeus Mozart Kategori:Musikk i 1787