mini|Sarah Dawn Finer. Sarah Dawn Finer () er ein svensk songar, låtskrivar og skodespelar.
Melodifestivalen Finer deltok i den fjerde deltevlinga i Melodifestivalen 2007 med songen «I Remember Love». Ho gjekk vidare til finalen der ho enda på fjerdeplass.
To år seinare deltok ho i den fjerde deltevlinga i Melodifestivalen med songen «Moving On» og gjekk vidare til andresjansen. Frå andresjansen gjekk ho vidare til finalen der ho enda på sjetteplass.
I finalen i Eurovision Song Contest 2009 las ho opp røystene frå Sverige. I SVT-programmet Inför Eurovision Song Contest 2011 var ho ein av dei fem i juryen som forhandsgranska og diskuterte bidraga i Eurovision Song Contest 2011.
Våren 2012 var ho programleiar for Melodifestivalen saman med Helena Bergström og Gina Dirawi. Som pausenummer i den fyrste deltevlinga framførte ho «Hela Sveriges fest» saman med dei to andre programleiarane. I den fjerde deltevlinga framførte ho ein eigen versjon av songen The Hunter saman med Stenhammarkvartetten som pausenummer.
Diskografi Album 2007: A Finer Dawn 2009: Moving On 2010: Winterland 2011: En riktigt god jul (med Malena Ernman) 2012: Sanningen kommer om natten 2014: Vinterland
EP 2005: Sarah Dawn Finer
Singlar 2007: I Remember Love 2007: Stay 2007: A Way Back to Love 2007: Stockholm By Morning 2008: Does She Know You 2009: Moving On 2010: Kärleksvisan 2010: I'll Be Your Wish Tonight 2011: Sometimes it Snows in April Is Anybody There - duett med Samuel Ljungblad 2012 Nu vet du hur det känns Balladen om ett brustet hjärta
Kjelder <div class="references-small"> Denne artikkelen bygger på «Sarah Dawn Finer» frå , den 1. mars 2012.
Kategori:Folk frå Stockholm Kategori:Svenske songarar Kategori:Svenske låtskrivarar Kategori:Svenske skodespelarar Kategori:Melodifestivalen 2007-deltakarar Kategori:Melodifestivalen 2007-låtskrivarar Kategori:Melodifestivalen 2009-deltakarar Kategori:Melodifestivalen 2009-låtskrivarar Kategori:Melodifestivalen 2012 Kategori:Melodifestivalen-programleiarar Kategori:Melodifestivalen 2013 Kategori:Eurovision Song Contest 2013 Kategori:Eurovision Song Contest 2009-poengutdelarar Kategori:Svenske Eurovision Song Contest-poengutdelarar Kategori:Eurovision Song Contest 2012-poengutdelarar