Olav Jordet () frå i Vingelen i Tolga i Hedmark er ein tidlagere skiskyttar og skyttar. I 1965 var han den første frå Noreg som vart verdsmeister i skiskyting. Han tok også VM-gull i stafett under VM i skiskyting 1966 og 1967. Jordet var medlem av Vingelen Skytterlag.
Aktiv Jordet tok bronse på 20 kilometer i OL i 1964, på plassen føre landsmannen Ragnar Tveiten. Einast sovjetarane Vladimir Melanjin og Aleksandr Privalov brukte mindre tid. Året etter vart han verdsmeister på Elverum. Med treff på 19 av 20 moglege, kom han i mål vel 22 sekundar føre Nikolaj Puzanov frå Sovjetunionen. På stafetten over 4 x 7,5 km gjekk Jordet tredjeetappen og sikra saman med Ola Wærhaug, Ivar Nordkild og ankermannen Ragnar Tveiten norsk siger.
I 1966 vart Jordet staffetmeister i VM for andre gongen, han gjekk andreetappen etter Nordkil, medan Jon Istad gjekk tredje etappe og Tveiten avslutta som sist. Jordet og Tveiten vann i 1967 sitt tredje VM-stafettgull, samam med Wærhaug og Istad. Under svært vanskelege tilhøve i Altenberg i dåverande DDR, kom Noreg i mål på tida 2.52.41, heile 10 minuttar og 30 sekund før sølvlaget frå Sovjetunionen. Jordet gjekk på ny andreetappen, noko han også gjorde då han var med på stafettlaget som tok OL-sølv i Grenoble i 1968. Dei andre på laget var Wærhaug, den individuelle olympiameisteren Magnar Solberg og førnemnde Istad.
Jordet har fleire NM-titlar i skiskyting og skifeltskyting. Som ein av få skyttarar har han to napp i 'Officerspokalen' 1961 og 1966.
Han vart tildelt Morgenbladets Gullmedalje i 1965 for sin VM-siger.
Jordet la opp som skiskyttar i 1968.
Medaljar og besteplasseringar i internasjonale meisterskap 1961: Nr 15 på 20 km under VM i Umeå 1962: Nr 10 på 20 km under VM i Hämäänlinna 1963: Nr 10 på 20 km under VM i Seefeld 1964: Bronsemedalje på 20 km under vinter-OL i Innsbruck 1965: Verdsmeister på 20 km under VM i Elverum. Gullmedalje i 4 x 7,5 km stafett 1966: Gullmedalje i 4 x 7,5 km stafett under VM i Garmisch-Partenkirchen 1967: Gullmedalje i 4 x 7,5 km stafett under VM i Altenberg 1968: Sølvmedalje i 4 x 7,5 km stafett under vinter-OL i Grenoble
Kjelder Sportsboken, aktuelle årgangar
Kategori:Norske skiskyttarar Kategori:Verdsmeistrar i skiskyting Kategori:Noregsmeistrar i skiskyting Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar for Noreg Kategori:Olympiske bronsemedaljevinnarar for Noreg Kategori:Vinnarar av Aftenpostens Gullmedalje Kategori:Kongepokalvinnarar i skiskyting Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 1964 Kategori:Norske deltakarar under vinter-OL 1964 Kategori:Skiskyttarar under vinter-OL 1964 Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 1968 Kategori:Norske deltakarar under vinter-OL 1968 Kategori:Skiskyttarar under vinter-OL 1968 Kategori:Folk frå Tolga