Adam Richard Sandler () er ein USA-amerikansk skodespelar, songar, komikar, produsent og manusforfattar.
Biografi Sandler vart fødd i ein jødisk familie i Brooklyn i New York City, men flytte til Manchester i New Hampshire som femåring og voks opp der. Han viste tidleg talent for komedie, og i 1987 debuterte han som skodespelar i situasjonskomedien The Cosby Show der Bill Cosby spelte familiefar. Sandler hadde ei rolle i serien fram til 1988. I 1989 spelte han i sin fyrste spelefilm, Going Overboard der han sjølv var med som manusforfattar. Filmen hadde sjølvbiografiske trekk, då han handla om ein ung komikar som prøvde å gjera karriere i underhaldninga ombord på eit cruiseskip.
Karrieren til Adam Sandler skaut fart på slutten av 1990-talet med filmar som Billy Madison (1995), Happy Gilmore (1996) og Bryllupssangeren (1998). Adam Sandler er i dag ein vellukka skodespelar, som særleg har mange hovudroller i komediar bak seg i karrieren.
Filmografi (utval) Going Overboard (1989) Billy Madison (1995) Happy Gilmore (1996) Bryllupssangeren (1998) The Waterboy (1998) Big Daddy (1999) Mr. Deeds (2002) Anger Management (2003) 50 First Dates (2004) Spanglish (2004) The Longest Yard (2005) Click (2006) I Now Pronounce You Chuck & Larry (2007) You Don't Mess with the Zohan (2008) Bedtime Stories (2008) Funny People (2009) Grown Ups (2010) Just Go With It (2011) Zookeeper (2011) Jack and Jill (2011) That's My Boy (2012) Hotel Transylvania (2012)
Kjelder Denne artikkelen byggjer på «Adam Sandler» frå , den 3. mars 2012. Filmografien er henta frå Imdb.com, 3. mars 2012
Kategori:USA-amerikanske skodespelarar Kategori:USA-amerikanske komikarar Kategori:Folk frå New York City Kategori:Folk frå New Hampshire Kategori:USA-amerikanske manusforfattarar Kategori:USA-amerikanske filmprodusentar Kategori:Jødiske skodespelarar Kategori:USA-amerikanske songarar