Saint-John Perse () var ein fransk lyrikar og diplomat som i 1960 fekk Nobelprisen i litteratur «för den höga flykten och den bildskapande fantasien i hans diktning, som visionärt avspeglar tidsläget.»"for the soaring flight and the evocative imagery of his poetry which in a visionary fashion reflects the conditions of our time"Nobletildelinga 1950 på nobelprize.org
Liv Saint-John Perse vart fødd som Alexis Leger i Pointe-à-Pitre på Guadeloupe og voks opp på dei franske Antillane. Familien reiste attende til Frankrike i 1899 og han studerte jus og statsvitskap ved universiteta i Bordeaux og Paris.
I 1914 gjekk han inn i diplomatiet og var stasjonert og på reise i Beijing, Korea, Mongolia og Japan. Etter den første verdskrigen vart han rådgjevar for den franske utanriksministeren, Aristide Briand. I 1929 blei han utnemnd til Directeur des Affaires politiques i Utanriksdepartementet og i 1933 følgde han etter sin mangeårige velgjerar og ven Philippe Berthelot som generalsekretær i Utanriksdepartementet.
På grunn av ei avvisande haldning til Vichy-regimet sin ettergjevande politikk («appeasement») overfor det nasjonalsosialistiske Tyskland blei Alexis Leger avsett frå sine embete i 1940. Han mista den franske statsborgarskapen og heile formua blei konfiskert. Han emigrerte til USA der han arbeidde som rådgjevar for Library of Congress. Etter den andre verdskrigen blei han rehabilitert i Frankrike, trass det fortsette han å bu i USA og kom først attende til Frankrike i 1957 – då som diktaren Saint-John Perse.
Nokre månader før han døydde donerte han biblioteket sitt, manuskript og private notatar til Fondation Saint-John Perse, eit forskingssenter via livet og verket hans som er plassert i Cité du Livre i den sørfranske byen Aix-en-Provence.
Verk Forfattarskapen til Perse står i tradisjonen til Arthur Rimbaud. I boka Die Struktur der modernen Lyrik karakteriserte Hugo Friedrich Perse som ein særleg radikal representant for den moderne lyrikken. Tekstane til Perse er i høg grad kjenneteikna ei kjensle av å vere kløyvd og tap av einskap, medviten rådløyse, forvirring og tvil for lesaren.
Originalutgåver Éloges (1911) («Hyllingar») Anabase (1924) («Anabasis») Exil (1942) Poème à l'étrangère (1943) (om lag «Dikta til den framande») Pluies (1944) («Regn») Neiges (1944) («Snø») Vents (1946) («Vindar») Amers (1956) («Fyrlykter») Chronique (1960) («Krønike») Oiseaux (Au vent d'Arles 1962) («Fuglar») Pour Dante (1965) («Til Dante») Chant pour un équinoxe (1971) («Song under ei solformørking») Nocturne (1973) («Nattmusikk») Sécheresse (1974) («Tørke») Œuvres complètes, (samla dikt; Bibliothèque de la Pléiade, 1972).
Saint-John Perse på norsk Hallvard H. Ystad og Gro Bjørnerud Mo, Anabasis / Eksil (2003). Sigmund Skard Franske dikt : Villon - Hugo - Baudelaire - Claudel - Saint-John Perse (1967) Emil Boyson omsette nokre av dei tidlege dikta til Perse.
Litteratur Erik Lindegren, innleiing til Jord Vindar Hav, Bonniers, Stockholm, 1956. Bengt Holmqvist, Den moderna litteraturen, Bonniers, Stockholm, 1966.
Referansar
Bakgrunnsstoff
Nobletildelinga 1950 på nobelprize.org Fondation Saint-John Perse (Aix-en-Provence) Association des Amis de la Fondation Saint-John Perse
Kategori:Franske forfattarar Kategori:Franske nobelprisvinnarar Kategori:Nobelprisen i litteratur Kategori:Folk frå Guadeloupe Kategori:Fødde i 1887 Kategori:Døde i 1975 Kategori:Fødde den 31. mai Kategori:Døde den 20. september