mini|Hochrhein mellom Stein am Rhein og Basel Hochrhein (tysk for 'Høg-Rhinen') er eit namn nytta om den delen av Rhinen som renn vestover frå Bodensjøen til Basel.
Hochrhein starta der Rhinen renn ut frå Untersee i Stein am Rhein og svingar inn i Oberrhein («Øvre Rhinen») i Basel. I motsetnad til Alpenrhein (Alperhinen) og Oberrhein, renn Hochrein hovudsakleg vestover. Han er den første av fire delar (Hochrhein, Oberrhein, Mittelrhein og Niederrhein) av Rhinen mellom Bodensjøen og Nordsjøen. I Sveits syner liknande namn til andre delar. I den vestlege delen markerer Rhinen grensa mellom Tyskland og Sveits, medan han i aust ligg heilt innanfor grensene til Sveits og omringar den tyske eksklaven Büsingen.
mini|venstre|Kart over Rhinen Namnet Hochrhein vart innført av forskarar på 1800-talet. Geologar prøvde å skilje Hochrein frå Oberrhein. Fram til 1800-talet vart han òg kalla «Badisch-sveitsisk Rhinen».Reinhard Valenta: Eine Landschaft im Wandel; Der Hochrhein zwischen Waldshut und Rheinfelden. I: Bosch, M. A. Enderle, H. Fricker & R. Valenta: Der Hochrhein. G.Braun Verlag, Karlsruhe, 1997, s.6-29
Rhinfossane, som er dei største slettefossane i Europa, ligg i kommunane Neuhausen am Rheinfall og Laufen-Uhwiesen, nær byen Schaffhausen. Dei er 150 m breie og 23 meter høge. Om vinteren er middelvassføringa i fossen 250 m³/s, medan det om sommaren aukar til 600 m³/s.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «High Rhine» frå , den 8. mars 2012. oppgav desse kjeldene: Andreas Gruschke: Der Hochrhein. Eine alemannische Flusslandschaft. Schillinger, Freiburg im Breisgau, 1995 iSBN 3891551835
Bakgrunnsstoff Rhinenfalla Bilete av Rhinenfalla Hochrhein: Bilete
Kategori:Elvar i Sveits Kategori:Elvar i Tyskland
Kategori:Internasjonale elvar i Europa