Anders Johnsson () er ein norsk fysikar.

Han tok embetseksamen ved Lunds Universitet i 1961 og doktorgraden same stad i 1968. Frå 1976 var han professor i eksperimentell fysikk og biofysikk ved NTNU. Han var leiar for Institutt for fysikk ved NTNU fram til 2005.

Johnsson har gjort viktige eksperimentelle og teoretiske arbeid innan fleire område av biofysikken som periodiske forløp i biologiske organismar, målingar og modellering av transpirasjonsreguleringa til planter, balansesystemet til planter, fotobiofysikk, tilvekstprosessar i planter og korleis elektromagnetisk felt påverkar biologiske organismar. Han har mellom anna ansvaret for eksperiment i Spacelab, der balansesystemet til planter i vektlaus tilstand har vorte undersøkt.

Prisar og utmerkingar 2001: Rosens Linnepris i botanikk frå Kungliga Fysiografiska Sälskapet i Lund 2004: Rimington minnepris frå Norsk Forening for Fotobiologi og Fotomedisin

Kjelder

Kategori:Norske fysikarar Kategori:Fysikarar på 1900-talet Kategori:Fysikarar på 2000-talet Kategori:Folk frå Lund i Sverige Kategori:Professorar ved NTNU