Phoebastria er ei biologisk slekt av albatrossar. Desse store stormfuglane er dei mest tropiske av albatrossane, med totalt fire artar. To artar, laysanalbatross og svartfotalbatross hekkar i på dei nordvestre øyane av Hawaii, gulhovudalbatross hekkar på subtropiske øyar sør for Japan og galapagosalbatross hekkar på Galapagosøyane, ved ekvator. __NOTOC__ Skildring Phoebastria-albatrossar varierer i storleik frå 190-240 cm, og dei har alle korte, svarte halar.
Dietten for desse fuglane liknar dietten for andre albatrossar ved at dei et fisk, blekksprut, krepsdyr og åtsel.Robertson, C. J. R. (2003)
Dei vel isolerte område som hekkeplassar, og legg eitt egg i kullet. Begge foreldra rugar og har omsut for ungen. Dei er monogame artar, og er ikkje kjønnsmodne før dei er 5-15 år gamle.
Utanom hekketida beitar Phoebastria-albatrossane i Stillehavet nord for ekvator, men galapagosalbatross mest i Perustraumen sør for ekvator.
Taksonomi Som for heile albatrossfamilien er taksonomien i Phoebastria forvirrande. Det er allment akseptert i dag, basert på molekylære prov og fossil, at dei er ei distinkt slekt gått frå Diomedea. Dei fleste kvite albatrossar var tidlegare plasserte i Diomedea, men er no avgrensa til dei to store albatrossartane.Nunn, G. B., et al. (1996) Dei deler einskilde eigenskapar: Først er det at nasebora sit på sidene av overnebbet. Nebba på alle stormfuglar i Procellariiformes er òg unike i at dei er delt inn i mellom 7 og 9 hornplater. Endeleg produserer stormfuglar ei mageolje av voksesterar og triglyseridar som er lagra i øvre delen av fordøyingssystemet. Dette blir brukt mot rovdyr og fungerer dessutan som ei lagra, energirik matkjelde for ungar så vel som for vaksne under lange flygingar.Double, M. C. (2003) Dei har òg ein saltkjertel som ligg ovanfor nasepassasjen som hjelper til å avsalte kroppen, det er salt dei får i seg på grunn av den høge mengda havvatn som dei absorberer. Kjertelen skil ut ei sterk saltoppløysing frå nasebora.Ehrlich, Paul R. (1988)
Artar
Phoebastria og Diomedea hadde allereie skilt lag midt i miocen, for 12-15 millionar år sidan. Fleire fossile former er kjente, som forresten òg gjev prov på at Phoebastria tidlegare var utbreidd i Nord-Atlanteren. Den noverande utbreiinga er såleis ein rest. Den eldste kjende arten, med namnet P. californica, var minst på storleiken med gulhovudalbatross, og kan ha vore ein stamfar av denne arten.
Phoebastria i rekkjefølgje etter IOC World Bird List V11.2, 2021, med norske namn etter Norske navn på verdens fugler: ArtsnamnVitskapleg namnStatusPopulasjonÅrTrendHekkeplassarRef LaysanalbatrossPhoebastria immutabilisNT1 600 000 2009 stabilMidwayatollen og på Laysan, Hawaii SvartfotalbatrossPhoebastria nigripesNT139 800 2017 aukandeDei nordvestre Hawaii-øyane, dei japanske øyane Tori-shima, Ogasawara og Senkakuøyane, på øyar utanfor Mexico GalapagosalbatrossPhoebastria irrorataCR34 694 2001 minkandeEspañola-øya i Galápagos-øygruppa GulhovudalbatrossPhoebastria albatrusVU4 200 2012 aukandeTorishima, Senkakuøyane nær Taiwan Kolonnar i tabellen over: Status er arten sin kategori i den globale raudlista til Verdas naturvernunion, IUCN Populasjon er estimert storleik på bestand av kjønnsmodne individ, total populasjon er gjerne langt høgare fordi albatrossar startar hekking først når dei er 5-10 år gamle Ref er peikar til faktaark om arten hos Birdlife International
Kjelder Denne artikkelen byggjer på «North Pacific albatross» frå , den 11. mars 2012, mellom anna var følgjande referansar gjevne:
Nunn, Gary B.; Cooper, John; Jouventin, Pierre; Robertson, Chris J. R. & Robertson Graham G. (1996): Evolutionary relationships among extant albatrosses (Procellariiformes: Diomedeidae) established from complete cytochrome-b gene sequences. Auk 113(4): 784-801. PDF fulltext
Referansar
Kategori:Albatrossfamilien Kategori:Fugleslekter