Alexander Brinchmann () var ein norsk forfattar og barnelækjar frå Oslo.
Biografi
Alex Brinchmann blei cand. med i 1912, og studerte barnesjukdommar ved Charité-sjukehuset i Berlin i 1913-1914. I 1921 vart han godkjend som spesialist i barnesjukdommar, og i 1922 vart han dr. med. Brinchmann gav ut ei rekkje vitskaplege artiklar innan pediatri, m.a. om nedkjemping av tuberkulose hjå born. I 1933 - 1934 var han formann i Norsk Pediatrisk Selskap, den noverande Norsk barnelegeforening. I tillegg til å jobba på Rikshospitalet ei tid, dreiv han privat lækjarpraksis i Oslo frå 1914 - 1972.
I 1927 debuterte han som skjønnlitterær forfattar under pseudonymet Roy Roberts. Dette pseudonymet nytta han i ei rekkje populære kriminalromanar han gav ut fram til 1971. Mann i gul frakk (1946) vert av mange halden for å vera den beste kriminalromanen hans.
Brinchmann gav også ut romanar under sitt eige namn, samt fleire skodespel. I hans komedie Karusell frå 1940 er det ein replikk som har gått inn i det norske språket som eit eige uttrykk, nemleg: «Piller og piller, fru Blom!» Piller vert i uttrykket bytt ut med det som passar for høvet.
Brinchmann fekk Kongens fortenestmedalje i gull i 1952. Han vart far til skodespelaren Helen Brinchmann og regissøren Arild Brinchmann.
Bøker
Kriminalromanar av Roy Roberts 1927 – Bengt Bondes hemmelighet 1927 – Mysteriet Steegener 1928 – Hevneren 1929 – Krebseklubben 1930 – Det levende portrett 1946 – Mann i gul frakk 1947 – Skudd i ruten 1955 – Elevatorsjakten 1971 – Kiosken ved Grand
Andre romanar 1931 – Deilig er jorden 1933 – Dissonanser 1936 – Så møtes vi imorgen 1937 – Den rike mann 1937 – Mannen som kom tilbake 1939 – Veien frem
Dramatikk 1937 – På fruktene skal de kjennes 1940 – Karusellen - Komedie i 4 akter. 1945 – Lykkelige ungdom - Skodespel i fire akter. 1948 – Løgnen og lykken - To skodespel. 1950 – Uten nåde - Høyrespel i 1 akt. 1951 – De som meget har elsket - Høyrespel i 1 akt. 1951 – Sørensen - Høyrespel i 1 akt. 195X – Kontorprinsessen - Komedie i tre akter. 1952 – Den som elsker sin far- - Skodespel i 3 akter. 1954 – Lykkelige ungdom - Skodespel i tre akter. 1955 – Gapestokken - Høyrespel. 1955 – På fastende hjerte 1957 – Grønn sofa - Radiohumoreske. 1960 – 12-klubben - Høyrespel. 1971 – Drømmen - Radioskodespel.
Medisinsk faglitteratur 1921 – Om katalasereaktionen i fæces hos barn og dens betydning for diagnosen av barnets tarmsygdomme – Kristiania – Rikshospitalets barneavdeling. 1925 – Om spædbarnstuberkulosens symptomoøogi og prognose – 4. Nordiske tuberkuloselægemøde. 1929 – Barnets første år – Oslo – Gyldendal. 1930 – Rapport sur les 8 premières années d'activité (1922-1930) de la Crèche de Aakebergveien à Oslo – Oslo. 1937 – Normale barn fra sunde hjem – Norsk rikskringkasting - serieforedrag ; 15.
Anna 1968 – Norske forfattere i krig og fred. Den norske forfatterforening – Utgjeven til 75-års jubileet til Forfatterforeningen 15. november 1968. Skriven saman med Sigurd Evensmo. 1972 – Veien hjem : Fra hverdagslivets mentalhygiene.
Kjelder Alex Brinchmann henta frå Bokmålswikipedia 2. juli 2005 og 29. november 2011. SAMBOK: søk på Brinchmann, Alex Krigsleksikon hjå NorgesLexi Språkrådet om fru Blom!
Bakgrunnsstoff Hvem er fru Blom? ved Svanesang (Per-Erik Skramstads blogg)
Kategori:Bokmålsforfattarar Kategori:Norske romanforfattarar kategori:Norske dramatikarar Kategori:Forfattarar frå Oslo Kategori:Norske kriminalforfattarar kategori:Kongens fortenestmedalje i gull Kategori:Norske barnelegar