John Opdal ()John Opdal hjå TV 2 Velgerguiden er ein norsk lokalpolitikar for Høgre og ordførar i Odda kommune frå 2011 til 2015. Han overtok stillinga etter Gard Folkvord (Ap).
John Opdal har vore aktiv i lokalpolitikken sidan 1989, og har hatt ymse verv både i kommunestyret i Odda og i som fylkespolitikar i Hordaland. Frå 2007 til 2011 var han varaordførar i kommunen. Han vart ordførar ved hjelp av ein samarbeidsavtale mellom Høgre, Senterpartiet, Venstre, Nye Odda og Raudt. Odda er ein kommune der den politiske venstresida tradisjonelt har stått sterkt, og John Opdal var den fyrste høgreordføraren i kommunen sidan politimeister Guttorm Narum som sat som ordførar 1920-1922.Hardanger Folkeblad, 26.10.09: Høyre-ordfører i Odda
John Opdal er gift og har fire born. Eitt av dei er fotballmålvakta Håkon Opdal.
Fotnotar
Kategori:Høgreordførarar i Hordaland Kategori:Ordførarar i Odda