Vilborg Yrsa Sigurðardóttir () er ein islandsk forfattar. Ho er student frå MR i 1983 og studerte etterpå til bygningsingeniør ved Háskóli Íslands, der ho avslutta med ein Bachelor of Science i 1988. Ho heldt fram studiane ved Concordia University i Montreal i Canada, og fekk i 1997 den akademiske graden Master of Science. Ho bur no med mann og to born i Seltjarnarnes ved Reykjavík, og arbeider som ingeniør ved Kárahnjúkar-kraftverket aust på Island.

Forfattarskap Yrsa Sigurðardóttir gav ut den første barneboka si, Þar lágu Danir í því, i 1998, og året etter kom barne- og ungdomsboka Við viljum jól í júlí. Den første spaningsromanen til Yrsa, Þriðja táknið, kom ut i 2005, og vart svært godt motteken, og omsett til fleire språk. Den sentrale karakteren i kriminalromanane hennar hittil, har vore advokaten Þóra (Thora) Guðmundsdóttir.

Bibliografi

Barnebøker 1998 Þar lágu Danir í því 1999 Við viljum jólin í júlí 2000 Barnapíubófinn, Búkolla og bókarránið 2001 B 10 2003 Biobörn

Kriminallitteratur 2005 Þriðja táknið (Norsk omsetjing av Tone Myklebost, Det tredje tegnet) ISBN 9788204117779 2006 Sér grefur gröf (Norsk omsetjing av Silje Beite Løken, Den som graver en grav-) ISBN 9788204138323 2007 Aska (Norsk omsetjing av Silje Beite Løken, Aske) ISBN 9788204155290 2008 Auðnin 2009 Horfðu á mig 2010 Ég man þig (Norsk omsetjing av Silje Beite Løken, Jeg vet hvem du er) ISBN 9788248911517 2011 Brakið

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Yrsa Sigurðardóttir» frå , og «Yrsa Sigurðardóttir» frå den 15. mars 2012.

Bakgrunnsstoff Yrsa Sigurðardóttir på Facebook. Yrsa Sigurðardóttir; forlaget Veröld. (islandsk) Intervju med Yrsa Sigurðardóttir på Scotsman.com (på engelsk).

Kategori:Islandske forfattarar Kategori:Islandske kriminalforfattarar Kategori:Islandske barnebokforfattarar Kategori:Forfattarar frå 1900-talet Kategori:Forfattarar frå 2000-talet