Eritrea, offisielt Staten Eritrea, er eit land i nordaust Afrika. Landet har kyst mot Raudehavet i aust og grense mot Sudan i nord og vest og mot Etiopia og Djibouti i sør. Eritrea er rekna som eitt av dei minst utvikla landa i verda.
Geografi venstre|mini|Satellittbilete over Eritrea, frå mai 2003. venstre|mini|Kart over Eritrea.
Eritrea ligg ved Afrikas horn og grensar imot Raudehavet i nord og nord-aust. Utanfor kysten ligg Dahlakøyene. Det høgaste fjellet er Soira i sentrale Eritrea, 3 018 meter over havet.
Høglandet i nord er ein del av det nordetiopiske platået eller Det etiopiske høglandet. Platået går her nesten heilt ut til kysten av Raudehavet. Langs den nordlege delen av kysten er det ei smal stripe sletteland før fjella reiser seg nesten loddrett opp til platået.
Dei største byane er hovudstaden Asmara, hamnebyen Assab i sør-aust, og byane Keren og Massawa.
Utanfor kysten er det fleire øyar, mellom anna Dahlak-arkipelet og Hanishøyane og korallrev.
Låglandet i sør er ein del av Danakilørkenen, som til dels ligg under nivået til havet. Einskilde høgare parti finst i innlandet i sør.
Klima
Klimaet i dei vestlege høgdedraga er forfriskande med kjølige vind og om lag 1150 mm nedbør kvart år, i tillegg til ein god del sol og små endringar i temperaturen gjennom året.
Denakilørkenen dekker derimot det meste av kysten og den sørlege delen av landet, og er ein av dei varmaste stadane på jorda, og temperaturen kan tidvis stige opp til nesten 50 °C. I tillegg er det i praksis ikkje noko regn her.
Regionar Eritrea er delt inn i 6 regionar:
Sentral Anseba Sørlege Raudehavet Nordlege Raudehavet Sør Gash-Barka
Geologi Berggrunnen i Eritrea består av prekambriske bergartar som vart deformert under den panafrikanske orogenesen og intrudert av granitt i byrjinga av paleozoikum. Det var omfattande forkastingsaktivitet ved danninga av Raudehavet i oligocen- og miocen-tida.
Eritrea har rike førekomstar av gull, kopar og sink. Utanfor kysten finst førekomstar av olje og gass.
Merknader
Kjelder
«Eritreas landformer». (2013, 12. januar). I Store norske leksikon. Henta 21. januar 2014. Askheim, Svein. (2013, 12. januar). «Eritreas geologi». I Store norske leksikon. Henta 21. januar 2014.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Land i Afrika Kategori:AU-land