Audun Sjøstrand () er ein norsk kriminalforfattar og lektor. Han debuterte i 1985 med kriminalromanen Hundemordet og fylgde opp med Ureint trav i 1987 og Valsekongens fall i 1991.
Hovudpersonane i bøkene er lensmannen Peder Moe og lensmannsbetjenten Jørgen Asbjørnsen. I debutboka, som var den fyrste reine kriminalboka som kom i skuleutgåve, etterforskar dei narkotikasmugling i Øygarden.
Han har arbeidd som lektor i den vidaregåande skulen og skrive i Gula Tidend. Han er bokmeldar i Bergens Tidende.
For Hundemordet fekk Sjøstrand Melsom-prisen i 1986, og for Valsekongens fall fekk han Rivertonprisen i 1991.
Bøker 1985 – Hundemordet – kriminalroman 1987 – Ureint trav – kriminalroman 1991 – Valskekongens fall – kriminalroman
Litterære prisar 1986 – Melsom-prisen 1991 – Rivertonprisen
Referansar
Bakgrunnsstoff Valsekongens fall i digitalisert utgåve i bokhylla.no (Nasjonalbiblioteket)
Kategori:Folk frå Radøy Kategori:Norske kriminalforfattarar Kategori:Forfattarar frå Hordaland Kategori:Norske lektorar Kategori:Norske skjønnlitterære debutantar i 1985 Kategori:Vinnarar av Melsom-prisen Kategori:Vinnarar av Rivertonprisen