Sigurd Winge () var ein norsk biletkunstnar. Han er mest kjend som grafikar og for monumentalkunsten sin, og han vert sett som ein av dei viktigaste norske biletkunstnarane i sin generasjon.
Far til Winge var byarkitekt i Hamburg, men familien flytte til Kristiania i 1917. Han studerte ved Statens Kunstakademi under Axel Revold frå 1929 til 1932. I 1933 debuterte han på utstillinga 11 unge maleres utstilling i Kunstnerforbundet i Oslo, og same året var han også representert på Haustutstillinga. Det var også i 1933 han møtte Rolf Nesch som fekk stor innverknad på kunsten hans.
Winge døydde i Trondheim i 1970.
Kjelder Steinar Gjessing og Bodil Sørensen: Sigurd Winge, utstillingskatalog frå Nasjonalgalleriet – 1979. Wikipedia sin artikkel på bokmål om Winge.
Winge, Sigurd Kategori:Kunstnarar frå Oslo