Cosimo di Lorenzo Rosselli () var ein italiensk renessansemålar som arbeidde i Firenze og Roma.
mini|venstre|Madonna og barn med englar, ca 1480
Rosselli var frå Firenze. I åra 1453-56 var han elev av Neri di Bicci, kanskje også av Benozzo Gozzoli. I 1481 deltok han i utsmykkinga av det sixtinske kapellet, på oppdrag frå pave Sixtus IV. Han måla der Nattverden og Moses tek mot lovtavlene med meir. Mellom verka hans i Firenze er freskoane i Santissima Annunziata og Sant’Ambrogio.
Rosselli var teknisk sett ein framifrå målar, men han mangla originalitet. Han måla i ein ganske streng lineær og stiv stil. I sine seinare år måla han i ein stil som minner om Filippino Lippi. Fra Bartolommeo, Andrea del Sarto og Piero di Cosimo var mellom dei han hadde til elevar.
Kjelder Aschehougs kunsthistorie. Bind 4 Kunstleksikon
Bakgrunnsstoff
Kategori:Italienske målarar Kategori:Folk frå Firenze Kategori:Renessansemålarar