Guacamole er ein kald saus laga av avokado. Retten stammar frå aztekar-indianarane i Mexico, men har vorte populær både i USA og mykje av vesten som dip eller saus, gjerne til sterkt krydra mat.
Ei oppskrift
Guacamole er enkel å laga, og oppskrifta kan varierast etter smak. Éin måte å laga guacamole på er fylgjande: Del ein avokado på langs, ta av skalet og fjern steinen. Mos deretter avokadoen godt med ein gaffel i ein bolle og tilset litt finhakka løk, 1 fedd kvitløk, 2 matskeier majones, 2 matskeier sitronsaft, litt chilipulver og salt. Rør ingrediensane saman til ein fin masse - kan også gjerast med matprosessor. Dekk deretter guacamolen til med plast og la han stå kjølig fram til serveringa.
Kjelder
Engelsk Wikipedia om Guacamole, henta inn 21. mars 2012. Oppskrift på Guacamole er henta frå: Amland, Kongsten, Aarum, Blaker, Hushovd, Hårstad og Kåsin (1998) Frå bollar til burritos. Universitetsforlaget.
Kategori:Meksikansk mat Kategori:Kalde sausar