Saint-Maurice eller Saint-Maurice-en-Valais, er ein kommune og distriktshovudstad i Saint-Maurice i kantonen Valais i Sveits. Kommunen har innbyggjarar () og eit areal på . Kommunesenteret ligg 414 meter over havet.

I romartida låg utposten Agaunum her og i mellomalderen St. Maurice kloster, som har vorte ein kjend høgskule i Sveits (Collège de Saint-Maurice).

Saint-Maurice ligg ved inngangen til ein fjellovergang til den øvre delen av Rhônedalen. Byen har derfor ei strategisk plassering og det vart bygt forsvarsverk her på 1400-talet for å kontrollere passet. Saint-Maurice festning vart bygd i dei omliggande fjellsidene frå 1880 til 1995.

Kommunen består av byen Saint-Maurice og grendene Epinassey og Les Cases.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Saint-Maurice, Switzerland» frå , den 21. mars 2012. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff Offisiell nettstad (fransk)

Kategori:Kommunar i Valais Kategori:Byar i Sveits Kategori:Stader ved Rhône