Eivind Groven () var ein norsk komponist, musikkvitar, spelemann på hardingfele og seljefløyte, folkemusikksamlar og utgjevar som mellom anna er kjend for arbeidet sitt med reinstemte orgel.
Biografi Ættebakgrunn Eivind Groven vart fødd 8. oktober 1901 i Tokke i Telemark. Det som no er Tokke kommune, var tidlegare Lårdal kommune. Garden Groven ligg oppe i lia, rett ovanfor Gøytilshylen, der elva Tokke svingar utover mot Dalen. Næraste tettstad er Åmot i Ytre Vinje. Eivind Groven var son av bonden og skulelæraren Olav Aasmundsson Gøytil og Aslaug Rikardsdotter Berge, dotter av Rikard Aslaksson Berge. Eivind voks opp på heimegarden som den yngste av fem brør: Aasmund, Rikard, Olav, Sverre og Eivind.
Slekta han kom frå, var svært gåverik, og talde fleire spelemenn og kjende kunstnarar. Ettersom brørne voks til, tok Olav, og etterkvart også Eivind, ved fela, og attåt lærde Eivind seg notar. Han fekk snart eit stor repertoar av slåttar, og tok til å skrive ned slåttar og songmelodiar etter spelemenn og kvedarar i bygdene rundtom. Han skaffa seg eit godt oversyn over slåttespelet i øvre Telemark, og sat med tida inne med eit stort materiale.
Utdanning Etter ein vinter på folkehøgskule i Kviteseid, byrja han på lærarskulen på Notodden I 1923 tok han eksamen. Han arbeidde som lærar ei stutt tid i ungdomen, men sa frå seg lærarposten i Heddal for å arbeide berre med musikk. Han studerte kontrapunkt med Gustav Lange ved Musikkonservatoriet i hovudstaden i eitt semester, men som komponist er han for det meste sjølvlært. Dei vitskaplege og kompositoriske ideane han ynskte å forfylgje, fanst det ikkje undervisningstilbod i.
Ekteskap På lærarskulen møtte han Ragna Hagen, syster av Ingeborg Refling Hagen. Han gifte seg med Ragna i 1925, og flytta til Oslo same året. Våren etter fekk dei det første barnet, Aslaug Johanne, fødd 27. april 1926. Seinare kom Tone Alis, (25. januar] 1930), Dagne (19. september 1940) og Gudmund (9. oktober 1945). Ragna døydde i 1960, og Eivind Groven gifte seg oppatt med Signe Taraldlien frå Fyresdal ved årsskiftet 1961-1962.
Dei siste åra Etter 1965 vart Eivind Groven plaga av Parkinsons sjukdom. Dette svekka han med åra, men han arbeidde så lenge han hadde krefter att. Han døydde i februar 1977, og er gravlagd attmed kona Ragna på Tangen Kyrkjegard i Stange kommune. I gravsteinen er det montert eit glasmåleri av kunstnaren Inger Kvarving. Ved Eidsborg Stavkyrkje (Jfr. Vest-Telemark museum) er det reist eit monument over kunstnarbrørne Olav og Eivind Groven laga av Kari Buen. Dei har kvar si hardingfele og er plasserte under ei selje. Den vakre bronsedøra frå 1937 på Oslo domkyrkje er prydd med relieff med motiv frå Bergpreika, laga av Dagfin Werenskiold. Toppfiguren har den unge Eivind Groven som modell. Portrettlikskapen er stor.
Livsverket Radiopioneren. Folkemusikkhalvtimen personleg Frå 1931 vart Eivind Groven fast tilsett som folkemusikk-konsulent (ikkje full stilling) ved det som snart vart Norsk Rikskringkasting. Han hadde ansvaret for dei faste folkemusikk-sendingane i radio. Denne posten hadde han til 1946, med eit avbrekk under krigen. Han hadde tilsyn med programposten fram til 1950. På 1930-talet sytte han for at det beste opptaksutstyr som var å få vart skaffa til NRK, og la grunnlaget for NRKs, etter kvart, enorme samling av lydfest folkemusikk. Han spela og inn slåttar sjølv, helst slike som ikkje andre nytta, og eigne slåttekomposisjonar. Spelet hans er dokumentert m.a. på ein CD som fylgjer med Årbok for norsk folkemusikk 2001.
Folkemusikkprogrammet som vart kalla 'folkemusikkhalvtimen', var kontroversielt i 1930-åra. Det vekte glede på bygdene og motstand i meir urbane strøk. Det var mykje skriving i pressa for og mot programposten.
Hardingfeleverk og Eskimomusikk Slåttane som Groven tok til å skrive ned i ungdomen, og dei han tok opp for NRK, var med å leggje grunnlaget for det store hardingfeleverket i sju band som han var musikalsk redaktør for saman med Arne Bjørndal og Truls Ørpen. Groven fann fram til det systemet verket er redigert etter. Utgjevingdsarbeidet tok til på 1950-talet. På den tida fekk han og i oppdrag av Helge Ingstad å skrive ned eskimomelodiar denne hadde gjort opptak av i Alaska. Resultatet vart boka Eskimomusikken (1955), som - forutan noteoppskrifter - inneheld åtgåingar og refleksjonar kring ein særeigen vokaltradisjon.
Komponist i ulike sjangrar Groven komponerte frå han var ein neve stor, hugste motiva seinare og kunne nytte dei i store komposisjonar. Han var eit melodisk oppkome. Han skreiv verk i den klassiske sjangeren, symfoniar og symfoniske dikt, romansar og songar. Han dikta og eit knippe slåttar frå tidleg ungdom av. Den eldste vi kjenner i dag, er I åkeren som han laga da han var 7-8 år gamal. Grovenslåttane er mykje nytta av spelemenn i dag, t.d. Svartufsen,Halling-Jårånn, Brønnslåttenog Sommarmorgon; dei to siste frå 1950-talet. Han skreiv og for to hardingfeler til Myllargutstemnet på Rauland i 1962: Balladetone, Springar og Regnbogen som han urframførte saman med Magne Manheim. Men allereie i 1932 fekk han i stand Hardingefetrioen saman med Alfred Maurstad og Sigbjørn Bernhoft Osa. Som den fyrste arrangerte han hardinfgeleslåttar og folketonar for fleire hardingfeler. Hardingfeletrioen spela jamt i folkemusikkprogramma på 1930-talet.
I lærarskuletida byrja han å skrive romansar, noko han kom til å halde fram med. Etter at han hadde flytta til Hovudstaden, tok han på seg å laga musikk til Hans E. Kincks lyriske skodespel Bryllupet i Genua. Best kjend av denne musikken i dag er fløytekomposisjonen Solstemning som er innspela på plate fleire gonger, og som han utarbeidde sist på 1940-talet ut frå ein av dei tonesette monologane i skodespelet. Han vart oppmoda av ein kjend fløytist som ynskte seg musikk for sitt instrument.
Eivind Groven debuterte som komponiist i 1926 og fekk fine omtaler. Inspirert av diktinga til Ingeborg Refling Hagen laga han eit stort klaververk Marihand etter ein roman av same namn. Verket var urframført i 1928. Marihand er eit rikt verk og har vore karakterisert som visjonært. På grunnlag av delar av dette verket, laga Groven ein klaverkonsert i A-dur, som vart urframført i Bergen i 1950 med Rolf Holger som solist. Dirigent var Olav Kielland.
Sist på 1920-talet tok han og til med det store symfoniske diktet Brudgommen for solistar, kor og orkester, inspirert av ein annan roman av Ingeborg Refling Hagen. Brudgommen vart framført i 1933 og vekte mykje åtgaum. Verket fekk fire framføringar på ettervinteren, og til sist blei det overført i radio. Då hadde Groven for alvor slått seg fast som komponist. I desember same året blei Mot ballade for kor og orkester framført fyrste gong, og pressa var einstemmig positiv. Kronprinsparet sende gratulasjonstelegram. Teksta er ei vise med bergtakingsmotiv, henta frå Hans E. Kincks novelle av same namn. I båe desse komposisjonane nyttar Groven ut rytmar og harmoniske idear frå samklangane i hardingfela. Mot ballade var lenge det Groven-verket som var mest framført. Sist på 1930-talet blei det kringkasta til 30 land. I 1935 kom det store symfoniske diktet Renessanse, det og inspirert av ei novelle av Kinck. Novella skildrar ein kunstnartragedie. Hovudpersonen er ein gåverik bygdekunstnar som svik det djupaste i seg sjølv i møte med klassisk kunst og vert epigon. Då det går opp for han, let han seg brenne inne saman med kunstverka sine. Det einaste som vert redda, er fyrste utkastet til det fyrste arbeidet, der han var heilt seg sjølv. Det ållmenngyldige i denne soga inspirerte Groven til musikk. Historiske syner i tre satsar er frå om lag same tid. Symfoni nr 1 - skriven til ein konkurranse utlyst av NRK med motto Innover viddene låg føre i 1937. Den vart send i radio. I konsertsalen vart symfonien urframført ti år seinare med suksess - i New York. Men Groven tok for seg den svære symfonien på nytt og omarbeidde han. Han tok ut ein springar-del og ein gangar-del av eiga oppfinning, og utvikla det materialet som var att til den symfonien vi kjenner i dag. Det han tok ut, blei til Symfoniske slåttar nr. 1. Symfonien opnar med det kjende temaet som blei til kjenningssignal for NRK i ei årrekkje.
I 1939 tok han til med andre symfoni som han arbeidde med parallelt med at han sleit med reinstemmingsautomaten. (Sjå nedanfor.) Verket som fekk undertittelen «Midnattstimen», var ferdig i 1943, men fyrst oppført etter krigen i Trondheim med Olav Kielland som dirigent. Komposisjonen vart motteken med ovasjonar, og komponisten fekk fakkeltog. Symfonien vart oppfatta som ein sigerssymfoni av somme kritikarar. Undertittelen kan tyde på at det kan vera ei rett tolking. Den sorgtunge midtsatsen vert avløyst av ein løfterik sistesats, som kjennest som eit daggry etter ei mørk natt.
Den mest spela komposisjonen av Eivind Groven i dag, er ouverturen Hjalarljod, skriven til ein konkurranse utlyst i samband med opninga av det nye rådhuset i hovudstaden og feiringa av Oslos 900-årsjubileum i 1950. Hjalarljod er eitt av dei norske instrumentalverka frå 1900-talet som vert framført oftast i inn- og utland.
Klaverkonserten (som er nemnd ovenfor) og Midnattstimen er spela inn på CD i seinare tid med Trondheim symfoniorkester under Ole Kristian Ruud. Wolfgang Plagge er solist i Klaverkonserten. I 2007 kom CD-en Towards the Mountains, som inneheld Hjalarljod, Symfoni nr. 1, Symfoniske slåttar nr 1 og Symfoniske slåttar nr 2, Faldafeykir.http://www.arkivmusic.com/classical/album.jsp?album_id=149937
På 50-talet skreiv Groven kantaten Soga om ein by til tekst av Halvor Sandsdalen. Verket var oppført posthumt ved 100-årsmarkeringa for Groven i 2001. Korverket over folkevisa «Olav Liljukrans» er frå 1958.
I 1962 hadde Groven fullført eit verk for den sjeldsynte kombinasjonen kor og hardingfele bygt over bergtakingsvisa Margjit Hjukse. Her skifter det mellom to hardingfeler som er ulikt stemde. På dei fyrste framføringane spela komponisten sjølv hardingfelepartiet, m.a. på Festspela i Bergen i 1964 og under Nordiske musikkdagar i Finland same året der det fekk glimrande omtaler. Verket er høgt verdsett og framført mange gonger både i Noreg og utanlands med ulike hardingfelesolistar. Forutan Groven sjølv kan ein t.d. nemne Sven Nyhus, Håkon Høgemo, Håkon Asheim og Einar Mjølsnes. Komposisjonen er innspela på CD fleire gonger. Mjølsnes spelar på samleplata Frå ottesong til elveleik som inneheld 16 korsongar av Eivind Groven. Bergen domkantori syng under leiing av Magnar Mangersnes. Tekstforfattarane er Henrik Wergeland, Per Sivle, Ingeborg Refling Hagen, Hilda Hagen, Ivar Aasen, Jørund Telnes og Arnulf Øverland, og anonyme diktarar (av folkeviser).
Eit anna sentralt grovenverk frå dei seinare åra er Draumkvæe for kor, solist og orkester. Groven nyttar tre overleverte melodiar til denne folkevisa med visjonsmotiv som er funne i Vest-Telemark. Men han har og laga ei mengd nytt melodistoff i same stil. Verket låg føre i 1963 og vart urframført i Bergen i 1965 med den unge Olav Ryan som tenorsolist. Karsten Andersen dirigerte. Draumkvæe er innspela på Lp og CD i London med engelsk kor og orkester. Koret syng på norsk. Grovens Draumkvæe har og vore framført med hell som ballett. Kari Wang laga dansen.
Seljefløyte og harpeleik, temperering og reinstemming Frå heimetradisjonen kjende Groven god til seljefløyta. Gutane på Groven laga seg lange borkfløyter som dei kunne spela slåttar og melodistubbar på kvar vår når selja gjekk. Eivind skulle koma til å gjera mykje for å gjera dette instrumentet ållment kjend, ikkje minst gjennom radio og TV.