Terje Rypdal () er ein norsk jazzmusikar og -komponist frå Oslo.

Han vart kjend på 1960-talet som gitarist i popgruppa the Vanguards, gjekk seinare over til å spele jazz og har hatt tette samarbeid med musikarar som Jan Garbarek og den danske trompetaren Palle Mikkelborg.

Prisar og utmerkingar

Rypdal vart tildelt spesialprisen Sølvharpen under utdelinga av Spellemannprisen 1981. Norsk Jazzforbund sin ærespris, Buddyprisen, i 1985. Gammleng-prisen 1990 i klassen jazz. Under Spellemannprisen 1995 vann han i open klasse for plata If Mountains Could Sing. Under Spellemannprisen 2005 vann Rypdal juryens heidringspris.

Band 1962–67 Vanguards 1967–69 Dream (på slutten var også Jan Garbarek og Jon Christensen med) 1969–72 Jan Garbarek Kvartett, Kvintett 1970–71 Min Bul med Bjørnar Andresen og Espen Rud 1971–77 Terje Rypdal Ensemble med Brynjulf Blix, Åsmund Feidje, Jon Christensen, Inger Lise Rypdal Terje Rypdal Kvartett med Blix, Thorstensen & Christensen Terje Rypdal Trio med Barre Phillips og Christensen med Hovensjø og Christensen Odyssey med Torbjørn Sunde, Blix, Sveinung Hovensjø og Svein Christiansen 1977–80 Terje Rypdal / Palle Mikkelborg Kvartett, Trio 1977–78 Mikkelborg, Rypdal, Hovensjø og Christensen 1978–80 uten Hovensjø Rikskonserter (skole): Mikkelborg, Rypdal og Pål Thowsen Trio med Iver Kleive og Thowsen 1980–81 Terje Rypdal Trio med Hovensjø og Thowsen Turné: med Christensen og John Taylor. Terje Rypdal Trio med Bjørn Kjellemyr og Audun Kleive (...)

Diskografi 1968 – Bleak House 1970 – Min Bul 1970 – Afric Pepperbird (med Jan Garbarek) 1921 – Terje Rypdal 1971 – Sart (med Jan Garbarek) 1973 – What comes after 1974 – Whenever I seem to be far away 1975 – Odyssey 1975 – (1 tittel på:) 1. New jazz festival, Hamburg -75 1976 – After the rain 1976 – The Hapless Child (med Michael Mantler) 1976 – Satu (med Edward Vesala) 1977 – Waves 1978 – Terje Rypdal/Miroslav Vitous/Jack DeJohnette 1978 – Three Day Moon (med Barre Phillips) 1979 – Descendre 1981 – To Be Continued 1985 – Chaser 1985 – Eos (med David Darling) 1985 – (1 tittel på:) Bratislava jazz days 1985 1986 – Blue 1987 – Undisonus 1988 – The singles collection 1990 – Mnaomai, Mnomai (med Heinz Reber) 1991 – Q.E.D. 1994 – If mountains could sing 1994 – Nordic Quartet (med John Surman) 1994 – Water Stories (med Ketil Bjørnstad) 1994 – The Sea (med Ketil Bjørnstad) 1995 – (1 tittel på:) Mike Mainieri presents “Come together”, Vol. 2 1996 – Skywards 1996 – The Sea II (med Ketil Bjørnstad) 1997 – Litania (med Tomasz Stanko) 1998 – Double Concerto / Fifth Symphony 1999 – Karta (med Markus Stockhausen) 2000 – Lux Aeterna

Kjelder «Terje Rypdal» på Bokmålswikipediaen

Kategori:Norske jazzmusikarar Kategori:Norske musikarar Kategori:Norske komponistar Kategori:Vinnarar av Spellemannprisen Kategori:Musikarar frå Oslo