Hamilton er hovudstaden på det britiske territoriet Bermuda, nord i Atlanterhavet. Hamilton er ein av dei minste byane på øya, med om lag 970 innbyggjarar i 2000, men er likevel administrativt senter for Bermuda. Byen vart grunnlagd i 1790 og fekk namn etter Henry Hamilton som var guvernør over Bermuda 1785-1794. Hamilton vart hovudstad i 1815, då administrasjonsmakta vart flytt frå byen St. George's til Hamilton.

Kjelde

Denne artikkelen byggjer på «Hamilton, Bermuda» frå , den 27. mars 2012.

Fotnote

Kategori:Hovudstader i Nord-Amerika Kategori:Bermuda Kategori:Busetnader grunnlagde i 1790