Storglaciären er ein isbre (svensk: glaciär) i Tarfaladalen på austsida av Kebnekaise i Lappland i Sverige.
Isbreen vart først dokumentert av geologen Fredrik Svenonius og vart fotografert av han alt i 1886. Storglaciären kom til å bli hovudsakleg studieobjekt for Tarfala forskningsstation då han vart grunnlagt på 1940-talet og måleseriane av Storglaciärens massebalanse, som starta i 1946, er den lengste i verda. Den langvarige forskinga som er driven på isbreen gjer at han i dag tilhøyrer dei mest kartlagde breane i verda.
Storglaciären er ca. 3,5 km lang og har eit areal på 3,1 km². Han strekkjer seg frå kring 1700 meters høgd ned til kring 1150 meter over havet. I snitt er isen 100 meter tjukk og på det meste 250 meter. Breen rykte kraftig fram på 1800-talet og nådde ein den maksimale utbreiinga si kring 1910 då han atter vart fotografert av Svenonius. Deretter har fronten trekt seg tilbake om lag 500 meter til dagens posisjon.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Storglaciären» frå , den 31. mars 2012. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Isbrear i Sverige Kategori:Kiruna