Bolmsö er ei svensk innlandsøy i innsjøen Bolmen. Øya høyrer til Ljungby kommune i Kronobergs län i landskapet Småland. Med eit areal på 42 kvadratkilometer er Bolmsö den 25. største øya i Sverige og den største øya i landskapet Småland og i Kronobergs län.Dei 50 största öarna - Statistiska centralbyrån Øya strekkjer seg om lag 15 kilometer i nord-sørleg retning, og har ei breidd på fire kilometer. Flatt/småkupert landskap på morenegrunn.

mini|venstre|Ferja M/S «Bolmia» mellom Bolmsö og Sunnaryd

Det er brusamband frå Bollstad sentralt på Bolmsö til Tannåker på den austlege fastlandssiden av Bolmen. Det er ferjesamband vestover frå Bolmsö til Sunnaryd i Gislaved kommune.

Øya har mange oldfunn, graver frå yngre jernalder og ei skipssetjing ved Bollstad. I følgje Soga om Hervor om det magiske sverdet Tyrving skulle berserkane Arngrim og Angantyr ha kome frå Bolmsö.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Bolmsö» frå , den 4. april 2012. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Småland Kategori:Øyar i Sverige Kategori:Stader i norrøne soger Kategori:Tyrvingsyklusen