El Hadji Baye Oumar Niasse () er ein senegalesisk fotballspelar. Frå 2007 spelte Niasse for US Ouakam, og dei vart seriemeistrar i 2011. Niasse kom på vitjing til SK Brann før 2012-sesongen, og imponerte trenaren med spelet sitt. Han signerte ein låneavtale til Brann som varte fram til 1. august 2012. Han debuterte 30. mars 2012, men vart send heim allereie i fyrste halvdel av juli, før kontrakten gjekk ut.
Kjelder
Profil på Brann.no
Fotnotar
Kategori:Senegalesiske fotballspelarar Kategori:Brann-spelarar Kategori:Folk frå Dakar