Regjeringsbygget (aserbajdsjansk Hökumət evi) i Baku er eit regjeringsbygg for forskjellige ministrar i Aserbajdsjan. Bygget ligg ved Neftchiler aveny mot Baku Bulvar ved Azadliqplassen‎. Baksida av bygget går langs den travle Uzeyir Hajibeyov gate i sentrum av Baku. Regjeringsbygget vart oppført for 5500 personar.

Historie mini|venstre|Regjeringsbygget på eit sovjetisk frimerke

I 1924-1927 vart det planlagd fleire store regjeringsbygg for Baku. I 1934 annonserte sovjetiske styresmakter eit anbod for bygginga av Baku Sovjet-palass (seinare omdøypt Regjeringsbygget). Konkurransen vart vunnen av dei kjende arkitektane Lev Rudnev, V.O. Munts og K. Tkatsjenko (deltakar). Med somme endringar i prosjektet, vart bygginga av Regjeringsbygget utført frå 1936 til 1952. Bygginga førte òg til bygginga av Leninplassen (seinare kalla Azadliqplassen, eller Fridomsplassen) føre byggverket. I 1955 vart det reist eit monument til Vladimir Lenin ved Azadliqplassen, laga av D.M. Garyaghdi. I tillegg til hovudbygget vart det bygd fleire andre bygg i 1960- og 1970-åra kring plassen, som hotella Azerbaijan og Absheron. Leninstatuen vart seinare fjerna av sjølvstenderørsla i Aserbajdsjan etter Svart januar og Leninplassen fekk namnet Fridomplassen (Azadliqplassen).

Etter sjølvstendet Bygningen husa etter sjølvstendet i 1991 mange organisasjonar og føretak. Etter at bygningen vart renovert, vart alle føretaka flytta til andre stader i byen og kontora vart nytta av statsorganisasjonar.

I 2006 starta ei renovering av bygg og dette prosjektet var ferdig i 2010. Bygningen ligg i sentrum av Baku og er av dei mest vitja attraksjonane i Aserbajdsjan.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Government House, Baku» frå , den 17. april 2012. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Byggverk i Baku Baku Kategori:Aserbajdsjanske regjeringar