Storhertugdømet Toscana (italiensk Granducato di Toscana, latinsk Magnus Ducatus Etruriae) var ein sentral italiensk monarki som eksisterte frå 1569 til 1859 (med nokre avbrot), og erstatta Hertugdømet Firenze.Strathern, Paul: The Medici: Godfathers of the Renaissance, Vintage books, London, 2003, ISBN 978-0-099-52297-3, s. 315–321 Hovudstaden i storhertugdømet var Firenze. Før huset Lorraine tok over makta, var Toscana nominelt ein stat i Det tysk-romerske riket fram til freden i Westfalen i 1648.

Storhertugdømet vart først styrt av huset Medici fram til denne familien døydde ut i 1737. Under Medici blømde Toscana. Sjølv om det ikkje var like internasjonalt kjend som den gamle republikken, kunne det vise til eineståande økonomisk og militær suksess under Cosimo I og sønene hans, fram til regjeringstida til Ferdinando II, då økonomien i staten byrja å verte svekka. Staten nådde eit høgdepunkt under Cosimo III. Det einaste framsteget til Medici-familien i den siste tida før dei døydde ut, var at dei vart opphøgd til kongelege av den tysk-romerske keisaren i 1691. Den eldre greina av Medici-linja døydde ut i 1737.

Frans Stefan av Lorraine, ein etterkomar av Medici-slekta, avløyste familien og tok over trona. Toscana vart styrt av ein statthaldar, Marc de Beauvau-Craon, i heile regjeringstida hans. Etterkomarane hans styrte, og heldt til i, storhertugdømet fram til 1859, berre avbroten av Napoleon Bonaparte som gav Toscana til huset Bourbon-Parma. Etter at det napoleonske systemet kollapsa i 1814, vart storhertugdømet gjenoppretta. Dei sameinte provinsane i Sentral-Italia, ein klientstat i Kongedømet Sardinia-Piemonte, annekterte Toscana i 1859. Toscana vart formelt annektert til Sardinia i 1860, etter ei folkeavsetmming, der 95 % av stemmarane støtta forslaget.

Bakgrunnsstoff Information on Medici Family Members The Papal Bull that created the Grand Duchy

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Grand Duchy of Tuscany» frå , den 23. april 2012. oppgav desse kjeldene:

Storhertugdømet Toscana

Kategori:Austerriksk historie