Songyuan (kinesisk skrift 松原, pinyin Sōngyuán) er eit byprefektur i provinsen Jilin i Kina. Prefekturet har eit areal på 20 159 km², folketalet er sist berekna til 2,9 millionar. Songyuan grensar i nord til provinsen Heilongjiang og i sørvest til Indre Mongolia.
Byprefekturet Songyuan omfattar eit distrikt (区 qū), tre fylke (县 xiàn) og eit autonomt fylke.
Historie Byen Songyuan voks fram i byrjinga av 1900-talet, i åmotet mellom dei to elvane Songhua og Nen.
Næring Eit av dei største oljefelta i Kina ligg i byprefekturet. Det vert dyrka mykje mais og gras her.
Samferdsle Songyuan er eit knutepunkt for samferdsla i denne delen av Nordaust-Kina. Fem jarnvegar går gjennom byprefekturet og seks nasjonale eller regionale hovudvegar.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Songyuan» frå , den 28. april 2012. Denne artikkelen bygger på «Songyuan» frå , den 28. april 2012.
Kategori:Byprefektur i Jilin